annonse

Leitar etter sakna mann på Hardangervidda

SAKNA MANN
SAKNA MANN: Mannen i 40-åra gjekk på tur frå Finse i fint vêr laurdag, men kom ikkje tilbake til avtalt tid etter uvêr i fjellet. (Foto: Svein Ulvund)

Mannen i 40-åra la ut på skitur frå Finse laurdag.

Marita Saue Hamre

Siste:

No leitar frivillige frå Røde Kors og Norsk Redningshunder etter mannen i terrenget frå Finse til Dyranut på Hardangervidda.

Mannen skulle på ein lengre skitur frå Finse på laurdag, men då han ikkje gav lyd frå seg, melde pårørande frå til politiet.

– Politiet vart varsla måndag kveld, og leiteaksjonen starta så fort det vart lyst i området tysdag, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Den sakna skal vera godt rusta og budd på opphald i fjellet, melder politiet.

Mykje vind og dårleg vêr

Då mannen la ut på tur laurdag frå Finse var det fint vêr, men frå sundagskvelden blåste det kraftig opp i fjellet.

Turen skulle vare i ti dagar, men det er ulikt mannen å ikkje gje lyd frå seg.

På grunn av vêret har det blitt vanskeleg å setja i gang søk etter mannen.

– Det blir leita i terrenget mellom Finse og Dyranut med snøskuter og hundar no, fortel Håvard Skattum hjå Voss lensmannsdistrikt.

Politiet opplyser at det er hytter på strekninga som mannen skulle gå, så det kan vera at han har søkt ly i ei av desse.

Dei pårørande har ikkje fått tak i mannen på telefon.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.