annonse

Leitemannskap skadd under aksjon

Torsdag kveld gjekk ein mann seg vill i fjella i Ullensvang. Fleire av leitemannskapa vart skadd under leiteaksjonen.

Ingvild Siglen Berger

Det var klokka 20.17 torsdag kveld at politiet i Hordaland melde om ein mann som hadde gått seg vill i fjellet i Ullensvang. Operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt opplyste at mannen hadde gått ut frå Reiseter på vestsida av Sørfjorden, og opp i området mellom Revevatn og Brottefonn.

– Han ringde sjølv inn klokka 19.20 og fortalde at han hadde gått seg vill, med lite klede og tjukk skodde i området, sa Næss.

Overraska av skodde

Politiet sette i gang søk og hadde sporadisk kontakt med mannen på sms. 

– Han var på tur med hunden, men hadde ikkje hjelpemiddel som til dømes kompass for å koma seg ned att då han vart overraska av skodda, fortel lensmann Terje Kvalvik i Hardanger til Hordaland. 

Mannen skal vera 31 år og heimehøyrande i Kvam kommune. 

Skadd leitemannskap

Etter ein sleip tur for leitemannskapa vart han funnen omkring klokka 03.30 natt til fredag ved fjellet Klokkarane, litt vest frå der han eigentleg trudde han var. To timar seinare var han trygt nede frå fjellet att. Ifylgje NRK Hordaland vart fire frivillige frå Røde Kors skadd under aksjonen grunna dei sleipe tilhøva.

Dei fire måtte avslutta leitinga. 

– Det var snakk om fallskadar og nokre som trakka over, fortel Kvalvik. 

Gjekk bra til slutt

Leitemannskap frå Røde Kors, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp og lokalkjende var med på aksjonen.

– Det er jo ein lang tur opp på kanten der, så det var ein hard tur. Det hadde vore ideelt å fått leitemannskapet opp med helikopter, men det var verken ressursar eller forhold til det. Heldigvis gjekk det bra til slutt, og turgåaren vart formant å ha med seg kart og kompass neste gang, seier lensmannen.

31-åringen gjekk ned frå fjellet for eigen maskin saman med hunden og leitemannskap.  

– Stor takk til frivillige som yt fantastisk hjelp, skreiv politiet i Hordaland på Twitter etter aksjonen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.