Levande bjørk i vinterkulda
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka
Oppdatert: Torsdag 11.03.2010 22:17
Ei teknologiavgift på 0,1% av eksportverdien på norsk oppdrettslaks må omgåande innførast. Det vil gje årleg inntekt til FoU på 25 millionar kroner.
Pengane må øyremerkast til lukka oppdrettsanlegg, som Preline. Det selskapet har fått fram ein prototype med eit tilskot frå Innovasjon Noreg på lusne 500.000 kroner, resten frå eigenkaptal. Ære vere dei for nybrottsarbeidet. Ein slik avgift ville fram til no ikkje vore merka. Marine Harvest kunne betalt det åleine. Berre i 2. kvartal var driftsresulatet i Noreg 257 millionar kroner og i Skottland 79 millionar.
I Chile bruker Marine Harvest 115 millionar kroner berre til å hiva oppdrettsmerdane på land etter å ha øydelagt naturen så mykje at det ikkje er råd med oppdrett lengre. John Fredriksen kan venta seg eit utbyte for det på over ein kvart milliard. Mot summane her er 25 millioner lommerusk. Men viljen har ikkje vore der så lenge kommunar og stat har gjeve løyve til å voldta fjordane i Noreg for å dra ut kjempeprofitt. Men no er det kanskje for seint med den lenge varsla lakseluskatastrofen som vel tilrettelagt av eit mislykka Mattilsyn råkar sjøaure og vill og tam laks.
Det vart sagt at den eigentlege grunnen til laksesamanbrotet i Chile var likesæle myndigheiter og grådige oppdrettarar. No gjentek historien seg som ein farse i Noreg, med oppdrettar og myndigheit i ein og same person. Eit konkursras er mogeleg utgang. Då får staten trå til for å få næringa opp og stå att på ein økologisk forsvarleg måte. Ei uviljug minister må tvingast til å få 25 millionar på bordet. Kvart år.
Det skulle berre mangle. For den norske staten under Statsminister Jens Stoltenberg har med statsselskapa Mainstream og Ewos- der den inhabile Næringingsminister er setteminister for den inhabile Fiskeri- og kystministeren – stått langt framme i gruppevoldtekten av Moder Jord - I Noreg, Canada og Chile. No er det tid for voldsoffererstatning.
Eit lokaltog på veg til Voss laut torsdag ettermiddag stogga og returnera Bergen midt inne i Ulrikstunnelen etter at det oppstod røykutvikling om bord i toget. / Les saka
Vossingen som i midten av februar vart pågripen og sikta for mellom anna å ha produsert barnepornografiske bilete, er sett fri frå varetekt. / Les saka
JAZZKLUBB: Det er kanskje å dra det litt langt å seia at Vamp skal varma opp for Arch 70, men den ferske kvartetten går i alle fall på scena etter haugesundarane på Park fredag kveld. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka
Det er ein klar og kald morgon den 1.3 mars 2010 kl 7.30. / Les saka
Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka
24. februar var det ei nytt snøfall og fullt kaos på vegane i Bergen. / Les saka
Den stabile vinteren har gjeve eventyrlge forhold for skiturar no i om lag to månader. / Les saka