annonse

Lilandtunet gjestgiveri råka av vasslekkasje

VASSLEKKASJE
VASSLEKKASJE: Det var gjestgiveriet på Liland, som tidlegare har vore asylmottak og hotell, som vart råka av vasslekkasje måndag morgon. (Foto: Privat)

Måndag morgon rykte brannvesenet ut til Vikjavegen, der det vart meldt om ein større vasslekkasje i eit bygg.

Ingvild Siglen Berger Marita Saue Hamre

Brannvernet på Voss fekk melding om vasslekkasjen omkring klokka 04.30. 

– Det var eit sprinklarhovud som hadde løyst seg ut i 3. etasje. Då me kom til staden vart det folk på plass, som etter kvart hadde fått stengt av vatnet, seier Arnfinn Halrynjo i brannvernet på Voss.

Gjestgiveri råka

Han fortel at mykje vatn då hadde runne gjennom alle etasjane og ned i kjellaren.

– Me var nede med vassugar for å suga opp vatnet. Det kan potensielt vera snakk om ein del skadar, seier Halrynjo. 

Det var Lilandtunet gjestgiveri som vart råka av vasslekkasjen. Bygget har tidlegare vore hotell og asylmottak. 

Omkring klokka 07.00 avslutta brannvesenet på staden, der skadesaneringsfirma og forsikringsselskap har teke over.

Har ikkje oversikt

Miriam Karolina Espeland driv gjestgiveriet, og fortel til Hordaland at det framleis er uoversiktleg på staden. 

– Det er vanskeleg å seia kor stort omfanget er, og kva skade som er gjort, seier ho.

Det var ingen gjester på huset då vasslekkasjen braut ut. 

– No må me sømma oss litt, også må me finna ut av kva me skal gjera vidare, fortel Espeland. 

Seinast på torsdag vart eit anna bygg på Voss råka av vasslekkasje, då i Stallgata.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.