annonse

Limo på impulskjøp

LANG OG ROSA
LANG OG ROSA: – Limousinen er 8,45 meter lang og tek temmeleg stor plass, men det er jo kult då, seier Rode. (Foto: Marita Saue Hamre)

– Eg tenkte eigentleg at eg berre skulle opp for å sjå på han, men så kom eg heim att med ein limousin.

Marita Saue Hamre

Marius Rode og kompis Lars Stalheim Pedersen reiste på spontantur til Stryn for å sjå på den tidlegare Moods of Norway-limousinen førre helg.

– Eg fekk eit innfall, og så er det litt kult at dette er den einaste limousinen på Voss, smiler Rode.

Han har alt no fått mykje merksemd for den knallrosa 8,45 meter lange bilen.

– Alt på turen heim att til Voss var det rundt 40 stykke som tok bilete av bilen, ler han litt.

Det tok ikkje lang tid etter at Rode kom heim til Voss med bilen, før telefonen byrja å ringja.

– Eg kan vel ikkje venta meg noko anna no, seier han og legg til at han håper å køyra ein del med han.

Ynskjer seriøse oppdrag

Rode har ikkje heilt planlagt korleis han skal nytta køyretøyet, men han ser for seg å køyra på oppdrag.

– Eg må få tak i eit løyve, slik at eg kan ta betalt for køyringa – så får me sjå, seier han.

Han legg til at han ser for seg å køyra i bryllaup eller til ball, kanskje.

– Eg lyt prøva dette ut litt, så får me sjå korleis det går, fortel den ferske bileigaren.

Han har starta opp eit eige firma som han nyttar til å leiga seg ut som sjåfør på bilar, bussar og liknande.

– Difor passa det fint med ein limousin i firmaet òg, seier Rode.

Kjendis-limo

Limousinen har tidlegare vore eigd av Moods of Norway-gründerane Simen Staalnacke, Peder Børresen og Jan Egil Flo. Og kjendisar som Magnus Carlsen er mellom dei som har sete på.

Limousinen har blitt brukt til fleire kjendisfestar, mellom anna 10-års festen til Moods of Norway i Oslo.

– Ja, det har nok vore fest inni her før, smiler Rode lett.

Han har for så vidt ingen planar om å få ein annan farge på limoen.

msh@avisa-hordaland.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.