annonse

Linda Eide luftar «Vy»-frustrasjonen på Tre Brør

TIL SCENA
TIL SCENA: Fredag kveld gjestar Linda Eide scena på Tre Brør Kafé. (Foto: Nils Kvamsdal)

Fredag kveld stiller Linda Eide til debatt med lokale politikarar, der temaet er omprofileringa til NSB.

Stine Strand Carlsen

«Vy er dropen som får begeret til å renna over», skreiv Linda Eide spontant på Facebook etter å høyrd meldinga om at NSB skal heita Vy.

No tek ho turen til Voss for å lufta frustrasjonen på Tre Brør Kafé.

– Saman med lokale politikarar og stiller me mellom anna spørsmålet: Er me heilt makteslause? Kven har makta? seier Trude Storheim, som saman med andre engasjerte vossingar står bak temakvelden.

Les òg: 

– Kjenner på avmakt

Linda fekk nærast ein kroppsleg reaksjon av nyhende om namneendringa.

– Me er mange som kjenner på avmakt og tenkjer at språk, dialog og debatt er gode verkemiddel for å koma på rett spor, seier Storheim.

– Ope for alle

Temakvelden har fått det treffande namnet «Stopp avsporinga».

– Og her er alle som vil hjarteleg velkomne, seier Storheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse