annonse

Litt annleis skuleveker på Dale

ANNLEIS
ANNLEIS: Siste skuleveka på Dale før sommarferien og den fyrste etter ferien, får eit litt anna innhald enn vanleg, seier Magnar Helland, rektor ved Dale barne- og ungdomsskule. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Når skulen på Dale skal rivast i juni, vil det verta litt andre skuledagar enn vanleg.

Jan-Egil Dyvik

Tida frå 14. juni fram til skule­slutt 20. juni, vil verta litt annleis, opplyser rektor Magnar Helland ved barne- og ungdomsskulen på Dale, på nett­sidene til kommunen.

Når skulebygga skal rivast, vil opplæringa gå føre seg på andre arenaer enn skulen.

– Det kan verta overnattingsturar, fotballturnering på Geitabakken, kreativ fagdag og fagdag i matematikk. I tillegg vert det tur til Bergen på Vil Vite-senteret, og museumsbesøk for nokre av elevane, opplyser Helland.

Etter ferien

Fyrste veka etter sommarferien, 16.–24. august, er det også planlagt alternative aktivitetar.

– Me vil prioritera åttande trinnet i oppstarten med base på sosialrommet i Turbinen. Det er viktig at dei tilsette vert kjende med elevane før dei skal på leirskule nokre veker seinare, heiter det.

I april vil endelege romendringar og byggjeplanar verta stadfesta.

Det er sett krav til entreprenøren på nybygget om at vegger skal setjast opp for å hindra elevane i å koma nær byggjeområdet.

– Me samarbeider med Miljø­retta helsevern i Bergen for å sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Om det vert mykje støy og bråk i rivingsprosessen vil me kontinuerleg vurdera om me skal nytta andre arenaer for opplæring, melder rektoren.

Informasjon

Helland skal framover vitja komande åttande klassar for å informera både om eksisterande og komande ungdomsskulebygg, og sjølvsagt det viktigaste–læringa.

Skulen vil også invitera til foreldremøte for dei nye 8. klasse-foreldra i slutten av april.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.