annonse

Lødemel tilsett som ny direktør

NY SJUKEHUSSJEF
NY SJUKEHUSSJEF: Olav Lødemel (50) tek over som ny direktør ved Voss sjukehus. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Olav Lødemel er tilsett som ny direktør for Voss sjukehus etter Rolf Abrahamsen.

Ingvild Siglen Berger Geir Geitle

Det vart klart etter eit tilsetjingsmøte på Voss sjukehus tysdag.

– Eg er veldig glad og stolt. Det vert ein heilt annan kvardag for meg, seier Lødemel til Hordaland.

Stor overgang

Han er per i dag assisterande direktør ved sjukehuset. Noverande direktør Rolf Abrahamsen vert pensjonist og skal ha sin siste arbeidsdag på sjukehuset ved utgangen av mai.

Deretter har han ein del ferie og avspasering som skal avviklast.

Det var seks søkjarar til jobben som sjukehusdirektør, og Lødemel trekte altså det lengste strået. 

– Som assisterande direktør jobba eg med det éin dag i veka og resten som anestesioverlege. No går eg inn i full stilling som direktør, så det vert ein stor overgang, fortel Lødemel. 

Motivert

1. juni startar han i jobben. 

– Eg ser fram til det. Dette var ei stilling eg hadde lyst på, og eg har satsa mot leiarutdanning dei siste åra, seier han.

Lødemel tok mellom anna helseføretaka si leiarutdanning i fjor. 

– Det var veldig motiverande og lærerikt, fortel 50-åringen. 

Bakgrunnen som lege meiner han vert ein fordel i jobben som administrerande direktør på sjukehuset. 

– Eg har jobba her i 15 år, kjenner systemet og kjenner folk. Elles er eg audmjuk for den utfordringa det er å driva sjukehus. Me har til dømes budsjettutfordringar som eg er beden om å løysa.

Utvikling

Lødemel er oppteken av Voss sjukehus si rolle i sjukehusverda. 

– No har me inne akuttfunksjonen vår i nasjonal sjukehusplan, og opplever veldig god støtte frå Helse Bergen, spesielt frå administrerande direktør der. Me har ein strategi som me jobbar for å gjennomføra saman, forklarer han.

Utviklinga vidare kjem mellom anna til å handla om å få til endå meir integrering med Helse Bergen. 

– Me har felles pasientar, felles system og etter kvart også noko felles personell. Dette har me tankar om å utvikla meir, til dømes ved at legar kan jobba både her og i Bergen. Så det er mykje å ta fatt på, seier Lødemel. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.