annonse

Lokalpolitikar sikta for seksuelle overgrep mot barn

Politikaren som sit i eit kommunestyre er sikta for seksuell omgang med barn under 10 år. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

  • Sara Finne
Terje Hjartnes

Torsdag morgon melde Bergensavisen at ein politikar i byrjinga av 40-åra er arrestert og sikta for seksuelle overgrep mot eitt barn. Politiet jobbar i tillegg med å avdekkja om det er fleire fornærma i saka.

– Det ligg føre opplysningar om at det er fleire fornærma i saka og etterforskinga vil derfor også bli retta mot å avdekkja om den sikta har gjort fleire overgrep, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Etter det Hordaland erfarer, sit politikaren i eit kommunestyre i indre Hordaland. Hordaland har snakka med ordføraren i den aktuelle kommunen, som ikkje ynskjer å kommentera saka.

– Eg har ingen kommentar til dette ut over at det er ei politisak, seier ordføraren.

Hordaland har også vore i kontakt med lensmannen i distriktet, som korkje vil stadfesta eller avkrefta om dei har vore involvert i saka.

– Overgrep mot fleire born

Dei påståtte overgrepa skal ha funne stad på 90-talet og byrjinga av 2000-talet, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge til BA. Det skal vera fleire born involvert, og det yngste barnet skal ha vore i fireårsalderen då overgrepa starta. Men siktinga gjeld berre eitt av dei, ifylgje BT.

Det vart levert inn ei felles melding av forholda i byrjinga av mars, og mannen er også sikta for tilknyting til overgrepsmateriale.

Varetektsfengsla i fire veker

I tillegg til å sitja i kommunestyret i ein kommune i indre Hordaland, sit politikaren også i fylkesstyret for sitt politiske parti. Politikaren vart arrestert tysdag denne veka, og erkjenner ikkje straffskuld.

Mannen vart varetektsfengsla torsdag i fire veker med brev- og besøksforbod. Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører.

Tidlegare dømt

Politikaren er tidlegare dømt for seksuallovbrot, melder BA. Ein 15 år gammal gut vart hausten 1995 utsett for overgrep i verksemda der mannen jobba på 90-talet.

I retten hevda mannen at han ikkje visste kor gammal guten var, og at han trudde han var over 16 år. Han slapp å sona for overgrepet.