annonse

Lokst utøve for Vossabadet

HOPPA I DET
HOPPA I DET: Hans-Erik Ringkjøb tok rennefart frå 5-meteren og opna Vossabadet med å hoppa ut i stupebassenget. (Foto: Terje Hjartnes)

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb opna Vossabadet frå fem meters høgde.

Terje Hjartnes

Tysdag var det endeleg tid for offisiell opning av Vossabadet. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb stilte i badebukse, badekåpe og ordførarkjede.

Opningstalen tok han frå 5-meteren over stupebassenget. Håvard Sæbø frå musikklina på Voss gymnas varma opp publikum med å gjera som Jimi Hendrix på Woodstock i 1969, og spelte Star Sprangled Banner med fuzzgitar.

I talen sa ordføraren at det ikkje var så sjølvsagt at Vossabadet skulle bli ein realitet, om ein går nokre år tilbake i tid.

– I 2011 gjekk Voss kommune med kraftig underskot, og i 2012 var det tid for opprydding. Då såg eg ikkje noko Vossabad i det fjerne. Det var meir enn nok med andre prosjekt som stod i kø. Vossabadet såg ut til å bli ein våt draum, sa Ringkjøb.

Vatn over hovudet

To år seinare såg kommuneøkonomien ljosare ut, og initiativtakarane stod framleis parate.

– Det var likevel mange som meinte me var i ferd med å ta oss vatn over hovudet. Men, samstundes hadde Voss, store Voss, eit pittelite symjebasseng frå 1960, sa ordføraren, og fortalde vidare om den iherdige jobben som sidan vart gjort av mange eldsjeler for å samla inn pengar og dra prosjektet i land.

Ringkjøb hadde mykje fint å seia om Voss sitt nye badeland.

– Dette bassenget er rett og slett vakkert. Dei fyrste bileta eg såg av Vossabadet trefte meg momentant. Kan me få det, så vil eg ha det, tenkte eg. Og slik er det av og til, du berre veit at slik må det bli, sa han.

Vakkert bygg

Ordføraren meiner bygget har blitt like vakkert som illustrasjonsbileta lova.

– Dette er eit bygg som ropar til deg: Her vil eg at du skal bada, her vil eg at du skal ha det kjekt. Det er som om bygget seier hopp i det. Bli med!

Deretter gratulerte han alle med dagen og utførte hoppet som markerte opninga av Vossabadet.

Vidare i veka skal Vossabadet introduserast for vossingane. Onsdag skal seniorane få prøva badet, torsdag er det næringslivsdag, fredag er det familiedag og ungdomsdisko på kvelden, før det på laurdag er fyrste ordinære opningsdag med normal drift.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.