annonse

Luftambulanse til Herresåsen

I LØYPA
I LØYPA: Ein person skal ha vorte akutt sjuk i løypa rundt 1,5 kilometer frå parkeringsplassen i Herresåsen. (Foto: Geir Geitle)

Laurdag hasta både luftambulanse og brannvern inn i Herresåsen, då ein person skal ha vorte akutt sjuk i skiløypa.

Siri Flatlandsmo

 Hjå brannvesenet på Voss gjekk alarmen klokka 14.23 laurdag.

Dei hadde fått melding om ein person som vart akutt sjuk i løypa, 1,5 kilometer frå parkeringsplassen i Herresåsen i Voss ski- og tursenter.

–  Me sende seks mann inn på ATVar med belte, fortel Arnfinn Halrynjo i brannvesenet.

Brannvesenet frakta legar og ambulansepersonell til staden, men då dei kom fram, hadde luftambulansen alt landa.

–  Pasienten vart send med luftambulanse, opplyser Halrynjo.

Voss sjukehus kan ikkje kommentera på saka, ifølgje kommunikasjonsavdelinga til Helse Bergen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.