annonse

Må drepa dalelaks i NRK-serie

DALE-ELVA
DALE-ELVA: Inge Sandven (t.v.) og Kenneth Bruvik under tidlegare fjernsynsopptak frå stamfiske i Daleelva. I kveld vert duoen å sjå på fjernsynet. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Programleiar Kenneth Bruvik blir tydeleg opprørt då han og Inge Sandven frå Dale Jakt- og Fiskarlag må drepa all laks som har oppdrettsgen i NRK-satsinga «Den fantastiske villaksen».

Geir Geitle

NRK-serien «Den fantastiske villaksen» tek for seg trugslane mot villaksen i Noreg. I andre episoden prøver programleiar Kenneth Bruvik å finna ut kva som er så gale med rømt oppdrettslaks og kvifor forskarane meiner at dette er den største trugselen mot villaksen.

I Daleelva er genetisk innblanding eit stort problem for den ville laksestamma. Bruvik tek turen til stamfiskanlegget til Dale Jakt- og Fiskarlag, og saman med formann Jan Inge Sandven hentar han ut villaks med hov frå den 250 meter lange fjelltunellen.

– Eg blir skikkeleg lei meg

All synleg oppdrettslaks er alt sortert vekk, og berre ein DNA-test kan avsløra om den resterande laksen har oppdrettsgen eller ikkje.

– Viss ein laks har oppdrettsgen, har han ikkje noko i dette vassdraget å gjera. Den skal avlivast, seier Sandven til Bruvik i programmet.

Éin etter éin les dei gentest-resultata til kvar enkelt fisk, og for Bruvik blir det eit tøft møte med realitetane i mange norske lakseelvar.

– Eg blir skikkeleg lei meg, altså. Får håpa at nokon tek til vit no, seier han.

Kritisk for Granvinselva

Problemet med genetisk innblanding har spreidd seg langs heile kysten, og fleire av elvane i Hardanger er i faresona. For Granvinselva ser det ekstra mørkt ut.

– 70 prosent av laksen me fekk her i fjor, hadde oppdrettsgen. Bestanden er så liten at berre nokre få oppdrettslaksar vil gjera stor forskjell i eit vassdrag som det her, seier Svein Helge Pedersen, leiar i Hardangerfjord Villfisklag, i serien.

«Den fantastiske villaksen»

Noreg har mest atlantisk villaks i verda. Men i dag har me berre halvparten av det me hadde for tretti år sidan. I fire episodar reiser programleiar Kenneth Bruvik til elvar i heile landet for å finna svar på kva som har skjedd. Her møter han forskarar, grunneigarar og frivillige som alle prøver å ta vare på villaksen. Trugslane for villaksen er mange, rømt oppdrettslaks, lakselus, kraftutbygging, sur nedbør, parasittar og sjukdomar. I tillegg kjem naturlege fiendar. Er trugslane blitt for mange, spør Kenneth i serien.

Andre episoden av «Den fantastiske villaksen» blir sendt på NRK1 i kveld, tysdag 6. mars kl. 19.45.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.