annonse

Magne (75) redda gut opp frå sjøen i Ulvik

REDNINGSMANN
REDNINGSMANN: Magne H. Øydvin symde ut og henta guten som vart funnen flytande ved Røvaneset om lag klokka 10 torsdag føremiddag. ARKIV (Foto: SIGRID SEIM)

Det var Magne Øydvin som redda ein gut opp av sjøen ved Røvaneset i føremiddag. - Eg trur det som berga han var bleia han hadde på seg, seier Øydvin.

Terje Hjartnes

I føremiddag vart ein nær tre år gamal gut redda opp av sjøen i Ulvik og frakta til Haukeland sjukehus. 75 år gamle Magne Øydvin var den som hoppa i sjøen og redda guten ut av vatnet.

- Guten låg og flaut eit stykke uti sjøen, men han flaut heldigvis med hovudet opp, seier Øydvin.

Han fortel at det var mellom klokka 10 og 10.30 i føremiddag at han redda guten opp av sjøen.

Det var Bergens Tidende som fyrst melde at Øydvin var den som redda guten.

Tilkalla av mora

Magne Øydvin er busett i nærleiken av der den to år gamle guten bur. Det var mora til guten som tilkalla Magne og fekk vist han at guten låg i sjøen. Familien har innvandrarbakgrunn, og snakkar lite norsk. Truleg kan ikkje mora til guten symja, fortel Magne.

- Han såg livlaus ut då eg starta symja ut til han. Då eg kom fram såg eg at han kava med armane og at han pusta, seier redningsmannen.

Då Magne symde mot land med guten høyrde han at guten gav lyd frå seg med gråt.

- Då vart eg veldig glad. Augene var opne, men han verka nokså slapp, seier Øydvin.

Han køyrde guten til legekontoret i Ulvik, som sidan rekvirerte luftambulanse og sende han til Haukeland sjukehus.

- Redda av bleia

Kor lenge han hadde lege i vatnet er det ifylgje Øydvin ingen som veit. Han trur guten vart berga av bleia han hadde på seg.

- Det såg ut som den fungerte som ein redningsvest, seier Magne Øydvin.

Kommunikasjonsavdelinga til Haukeland sjukehus hadde kl 16 torsdag ikkje informasjon å gje om guten sin tilstand. Ifylgje lensmann Ivar Hellene er tilstanden til guten alvorleg, men ikkje kritisk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.