annonse

Magne Øydvin vart heidra for livredding

HEIDER TIL LIVREDDAR
HEIDER TIL LIVREDDAR: Frå venstre er Magne Øydvin, Hasibah Jandal Alawad med sonen Abdullah, Hans Petter Thorbjørnsen, og i bakgrunnen Ahmed Khalaf. (Foto: Sigrid Seim)

Magne Øydvin i Ulvik fekk onsdag diplom og heider frå Livredningsselskapet for å ha redda ein to år gammal gut frå drukning, 23. juni 2016.

Sigrid Seim

Hadde det ikkje vore for Magne Øydvin sin snartenkte innsats, kunne hendinga fått ein tragisk utgang, meiner hovudstyret i Norges Livredningsselskap. Dei rosar Øydvin for «fremragende utført jobb» og gratulerer med innsatsen, står det i diplomet.

Onsdag var ordførar Hans Petter Thorbjørnsen klar til å overrekkja diplomet, med heile heradsstyret til stades. Også familien til syriske Abdullah, som no er fire år, var møtt fram. Det same gjeld dei to som har gått inn for at Øydvin skulle heidrast, Bjørg Hide og Harald Johnsen.

Høyrde skrik

Ordføraren starta med å lesa opp teksten om hendinga denne dagen: «Dette hendte 23. juni i Ulvik. Denne dagen satt Magne utenfor huset med sitt nyopererte kne, da han plutselig hørte rop og skrik fra nabohuset. Da han så ned mot sjøen, fikk han øye på et lite barn som lå på ryggen og fløt, ca 10 meter utenfor en flytebrygge.»

Ordføraren måtte ta fleire pausar under opplesinga, fordi han vart så rørt over tanken på det som skjedde. Som mange vil hugsa, sprang Magne Øydvin til, og la på sym ut i det kalde vatnet.

Han fekk tak i den nedkjølte guten, og kunne ta han trygt med til lands – til den takksame mora. Etterpå sa Magne Øydvin til Hordaland at han trur alle som kan symja, ville gjort det same som han.

Gjorde inntrykk

Livreddaren fekk fortent applaus under utdelinga. Diplomoverrekkinga rørte alle i forsamlinga, og Hasibah, mor til Abdullah, let tårene renna fritt.

Magne Øydvin takka for heideren, og fekk elles med seg meir redningsutstyr i gåve. Til borna vanka det også små gåver frå Livredningsselskapet.

At Magne og borna i nabohuset har god kontakt er lett å sjå. – Magne! Magne! helsa minstemann Abdullah han med, då dei møttest ved diplomutdelinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.