annonse

Malene til topps på Stord

HOPPA GODT
HOPPA GODT: Malene L. Bystøl i aksjon under Landsstemnet på Stord. (Foto: Privat)

Malene L. Bystøl og ponnien Marrondales Moscan gjekk til topps på landsstemnet på Stord sist helg.

Karl Ystanes

Sist helg arrangerte Stord Hestesportslag Landsstemne i sprang.

Laurdagen deltok Malene L. Bystøl og ponnien hennar Marrondales Moscan i to ponniklassar. Det var LB (80 cm) og LA (90 cm).

– Dei vann båe klassane. Dei var også einaste ekvipasjen i båe klassene, og hadde to feilfrie rundar. I båe desse klassane var det direkte omhopping. Det vil seia at dersom du hoppar dei fyrste hindera utan å riva, rir ekvipasjen direkte vidare og hoppar fleire hinder på tid, og då er det altså om og gjera å vera raskast, opplyser Marianne Bystøl.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.