annonse

Mange lærarar har vurdert å skifte yrke

45 prosent av lærarane har vurdert å skifte yrke dei siste to åra, viser ei undersøking som er gjennomført for Utdanningsforbundet.

Det er spesielt medlemmer i alderen 30– 44 år som vurderer å slutte som lærar. I denne aldersgruppa svarar seks av ti at dei har vurdert å skifte yrke, skriv Dagbladet.

Undersøkinga vart gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå Utdanningsforbundet i vår. 1.019 av medlemmene i forbundet svarte på undersøkinga.

– Det er ganske dramatisk. Når ein i tillegg veit at vi har ein lærarmangel som nesten er ute av kontroll, er dette alvorleg. Om berre seks år – i 2020 – vil det mangle rundt 11 000 lærarar i norsk skule, seier leiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet til avisa.

Ei undersøking som er utført av Arbeidsforskingsinstituttet ved Høyskolen i Oslo og Akershus på oppdrag for YS, viser til samanlikning at 15 prosent av alle arbeidstakarar i Noreg ser det som ganske eller svært usannsynleg at dei er i same yrke om fem år.

Førre veke viste ein forskingsrapport frå NTNU Samfunnsforskning at nesten kvar femte lærer vurderer å forlate yrket, og at utmatting er hovudårsaka. Utmattinga blir i stor grad knytt til tidspress som følgje av oppgåver utover pedagogisk tid, skreiv (©NPK) Aftenposten

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.