annonse

Mann (78) døydde etter frontkollisjon på E16

KRAFTIG KOLLISJON
KRAFTIG KOLLISJON: Tre personar var involverte i ulukka på E16. (Foto: Terje Hjartnes)

Ei kvinne på 77 år som sat i same bilen er alvorleg skadd.

Ingvild Siglen Berger Terje Hjartnes
  • Sara Finne

SISTE: Klokka 22.00 tysdag kveld melder politiet at ein 78 år gammal mann er død etter trafikkulukka på Bolstad tysdag føremiddag. Ei kvinne på 77 år som sat i same bilen ligg på Haukeland med alvorlege skader.

Tre køyretøy var involverte ulukka på E16 i 11-tida tysdag, der to bilar kolliderte front mot front. Mannen og kvinna i 70-åra vart fastklemde i bilen, og vart frakta til Haukeland med ambulanse og luftambulanse etter at naudetatane hadde fått dei laus.

Køyrde inn i hestehengjar

Vogntogsjåfør Øyvind Vinje var fyrst på staden, og han kom køyrande i retning Bergen då han såg ulukka rett framføre seg. Paret i 70-åra kom køyrande i ein stasjonsvogn i retning Voss då det small.

FYRST PÅ STADEN:
FYRST PÅ STADEN: : Vogntogsjåfør Øyvind Vinje var den fyrste som kom bort til dei to skadde som sat fastklemde i bilen. - Ei tøff oppleving, seier han. Foto: Sara Finne

– Fyrst krasja bilen inn i sida på ein hestehengjar som kom i motsett køyreretning. Sjåføren mista kontroll over bilen, og kolliderte front mot front med bilen som kom bak hestehengjaren. Det var eit veldig smell, og begge bilane spann rundt, fortel han.

Mannen som sat i den andre bilen involvert i frontkollisjonen, vart teken med ambulanse til Voss sjukehus.

– Han har mindre smerter, vondt i brystet etter beltet og er i sjokk, seier lege Petter Røhmesmo, som var på staden. 

Hesten som var inne i hestehengjaren vart ikkje skadd i ulukka. 

– Ei tøff oppleving

Vogntogsjåfør Vinje varsla straks om ulukka til naudetatane, og tok seg fram til bilen saman med andre som kom til ulukkesstaden. Der prøvde dei så godt dei kunne å hjelpa mannen og kvinna som sat fast i bilen. Det tok omkring eit kvarter før naudetatane kom til staden.

– Me prøvde å stoppa blødingane, men elles var det ikkje så mykje me kunne gjera før naudetatane kom fram. Det var ei tøff oppleving, seier han. 

Vegen opna att

Grunna tekniske undersøkingar på ulukkesstaden var vegen stengd heilt til omkring klokka 16.30 tysdag ettermiddag. Då vart eitt køyrefelt opna for trafikk. Fyrst klokka 19.00 vart begge køyrefelt på E16 opna.  

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.