annonse

Mann funnen alvorleg skadd

POLITI PÅ STADEN
POLITI PÅ STADEN: Ein mann vart i Skulestadmo fredag morgon med alvorlege skadar. (Foto: Rolf Tepstad)
HENDING I SKULESTADMO
HENDING I SKULESTADMO: Dette busskuret har vorte sperra av etter at ein mann vart funnen alvorleg skadd i området ved Skjerpe. (Foto: Rolf Tepstad)

Ein mann vart funnen alvorleg skadd i Skulestadmo fredag morgon.

Ingvild Siglen Berger

Politiet blei varsla omkring klokka 08.30 fredag morgon.

Det var forbipasserande som hadde funne mannen i 30-åra, i området ved Skjerpe.

– Han vart teken hand om av helsepersonell, og køyrd til Voss sjukehus. Seinare vart han overført til Haukeland, fortel Bjørn Inge Aarsand hjå Voss lensmannsdistrikt.

Politiet reiste til staden for å gjera undersøkingar. I 12-tida vart ein mann i 50-åra arrestert på ein bustad i området. Han er transportert til politistasjonen i Bergen.

– Han er sikta, men det er ikkje avklart kva rolle han har i straffesaka. Det er avhøyrt fleire vitne og det pågår kriminaltekniske undersøkingar i området, seier Aarsand.

Siste nytt: Sikta mann sjekka ut av saka

Han fortel at saka vert etterforska som ei undersøkingssak, og understrekar at det ikkje er avklart kva som har skjedd.

– Men den tilskadekomne har alvorlege skadar på kroppen. Etterforskinga som pågår vil avklara hendingsgangen og alvoret i saka, seier Aarsand.

Dei involverte i etterforskinga er Voss lensmannsdistrikt med bistand frå Vest politidistrikt.