annonse

Mann funnen død etter brann i Eidfjord

OMKOM
OMKOM: Ein person mista livet etter ein brann i dette bustadhuset i Eidfjord natt til tysdag. (Foto: Siri Flatlandsmo)
INN I MØRKET
INN I MØRKET: Kriminalteknikarane jobba på spreng tysdag føremiddag. (Foto: Siri Flatlandsmo)
UTBRENT
UTBRENT: Slik såg huset ut i 12.30-tida tysdag. Alt då brannvernet kom til staden var det fullstendig overtent. (Foto: Siri Flatlandsmo)
SAMARBEID
SAMARBEID: Etter sløkkinga av brannen var ferdig vart brannvesenet, her ved brannsjef Egil Holven, att for å bistå kriminalteknikarane. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Identiteten er framleis ikkje kjent.

Sara Finne Siri Flatlandsmo

Brannen vart meld 02.52 natt til tysdag. 110-sentralen rykte ut til ein einebustad i Eidfjord like før klokka tre. .

– No har mannen vorte teken ut av huset. Han vert frakta til Gades Institutt for identifisering og obduksjon, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle, like før klokka 16.

Identiteten framleis ukjend

– Det var fire personar som var registrerte på adressa. To av dei er vekkreiste. Ein person som bur i huset melde om brannen. Og den siste personen, ein mann, er sakna, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. 

Brannen skjedde i eit bustadhus i Sjobakkane. Det var ei kvinne som budde i kjellaretasjen som melde om brannen.

– Me kan ikkje seia noko om kven den omkomne er enno, men me har grunn til å tru at det er den sakna som er funnen, seier Kolltveit.

Dei næraste pårørande er no varsla. 

Måtte trekkja seg ut

Røykdykkarar måtte trekkja seg ut at av huset. Det brann kraftig då brannvernet kom til staden, fortel Ole Jakob Hartvigsen i 110-sentralen.

– Røykdykkarar prøvde å gå inn i huset, men det var såpass varmt at dei måtte gå ut og gå over til utvendig sløkking i plassen, seier han.

Dette stadfester brannsjef i Eidfjord, Ulvik og Granvin, Egil Holven, som er ved huset tysdag. Han rosar brannvesenet frå Eidfjord, som kom fyrst til staden, for at dei gjekk inn i det glovarme bygget. Han fortel at vindauga i hovudetasjen var heilt nedsota då dei kom til staden.

Det var klokka 05.45 røykdykkarar fann den døde personen inne i huset, i andre etasje.

I morgontimane byrja det å ulma i ein vegg att, og brannmannskapet måtte til å sløkkja éin gong til. Men det var ingen flammar, berre røyk, fortel Holven.

Frakta til Haukeland

– Politiet held no på med identifisering av personen og varsling av pårørande til den sakna, seier operasjonsleiar Kolltveit.

Klokka 06.34 melde 110-sentralen at brannen var sløkt. Operasjonsleiar Kolltveit seier det framleis er for tidleg å seia noko om kva som starta brannen.

Medan krimteknikarane frå Bergen er inne i huset, vart den omkomne mannen verande der.

I ettermiddag var eit gravferdsbyrå har vore på staden, før mannen altså vart sendt til Gares institutt på Haukeland for obduksjon og identifisering.

Dette arbeidet kan ta nokre dagar, opplyser etterforskingsleiar Per Helge Sekse i Hardanger lensmannskontor.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.