annonse

Mann gripen etter øksedrama i Oslo

(NPK-NTB): Ein 45 år gammal mann blei tysdag kveld gripen for å ha skadd ein mann i slutten av 30-åra med øks i ei leilegheit på Sinsen i Oslo.

  • Ntb_admin Admin

– Den skadde blei frakta til Ullevål sjukehus med mellom anna eit kutt i armen. Skadane er ikkje livstrugande, seier krimvaktleiar Lennart Kyrdalen i Oslo politidistrikt til NTB.

Politiet fekk melding om saka klokka 15.43, og han som truleg er gjerningsmannen blei gripen utan dramatikk cirka klokka 19.50.

– Sidan det var eit såpass alvorleg forhold, sende vi ut væpna patruljar og store styrkar. Dei to impliserte kjenner kvarandre, og begge er kjende av politiet frå før, seier operasjonsleiar Tor Grøttum i Oslo politidistrikt til NTB. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse