annonse

Mann mista livet etter motorsykkelulukke på E16

MISTA LIVET:
MISTA LIVET: Mannen i 50-åra velta på motorsykkel på Geitle mellom Bulken og Evanger. Han døydde momentant, seier politiet. (Foto: Sara Finne)

Ein 50 år gammal mann frå Bergen døydde momentant etter at han velta på motorsykkel ved Geitle på E16 laurdag kveld.

  • Sara Finne

- Eg kan bekrefta at ein mann har mista livet etter ei motorsykkelulukke, seier politibetjent Håvard Skattum til Hordaland laurdag kveld.

Omkom momentant

Ulukka skjedde klokka 21.12 på E16 ved Geitle. Geitle ligg mellom Bulken og Evanger, like ved Knoltatunnelen. Det er 70-sone på staden.

Skattum fortel at mannen vart erklært omkomen på staden.

- Han har velta på motorsykkelen, og truffe ein betongvegg på sida av vegen. Han har mest sannsynleg mista livet momentant, seier han.

Varslar pårørande

Skattum opplyser at mannen som er omkomen er frå Bergen. Politiet er no i gang med å varsla dei pårørande, skriv dei i ei pressemelding laurdag kveld. 

- Etter det me har høyrt frå vitne, køyrde mannen åleine. Han var på veg i retning Voss då ulukka skjedde, seier Skattum.

Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka.

Ny dødsulukke

Dette er den andre dødsulukka på E16 denne veka. På tysdag mista ein 78 år gammal mann livet etter ein frontkollisjon på E16 ved Bolstadøyri. Ei 77 år gammal kvinne vart alvorleg skada.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.