annonse

Mann vêrfast på Skjemmene

VOSS: Like etter klokka 08.00 måndag morgon fekk politiet melding om ein turist som sat vêrfast på Skjemmene på Gråsida. – Det var veldig dårleg vêr og han hadde behov for støtte, opplyser Robert Veseth frå Voss lensmannsdistrikt. Politiet sette i verk redningsaksjon og fekk med seg ein patrulje frå Røde Kors. Mannen hadde litt batteri på mobilen, så redningsmannskapa hadde kontakt med han på veg oppover. Klokka 13.15 kom Røde Kors fram til staden og mannen kom seg trygt ned att.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.