annonse

Marcus både glad og skuffa

EM
EM: Marcus Thomsen var nær EM-finale i kule. (Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix)

Marcus Thomsen var 11 små centimeter frå EM-finale.

Ørjan Brattetveit

– Både glad og skuffa, kommenterer vossingen etter EM-debuten.

Kvalifiseringa i kule var lagt til Breitscheidplatz midt i Berlin sentrum måndag kveld.

Framfor mange publikummarar opna Marcus Thomsen med 19.44.

15. plass etter to omgangar

I andre omgang oppnådde vossingen 19.59. Han var på 16. plass etter to omgangar, berre elleve centimeter bak 12.plassen som gjev finaleplass på Olympiastadion.

Junioreuropameisteren frå i fjor avslutta med 19.58 og enda som nummer 16 i sitt fyrste europameisterskap for senior.

Tjalve-utøvaren har 37. beste årsbeste i Europa denne sesongen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.