annonse

Måtte forlata toget

HIT, MEN IKKJE LENGER
HIT, MEN IKKJE LENGER: Politiet henta ein problematisk passasjer av toget ved Voss stasjon.

Rusa mann vart problematisk passasjer.

  • Ingerid Jordal

Ein togpassasjer i midten av 40-åra oppførde seg problematisk på toget på veg til Bergen sundag ettermiddag. NSB melde frå om passasjeren, som var rusa og forstyrrande. Politiet fekk inn meldinga litt over halv åtte sundag kveld.

Då toget gjekk forbi Voss vart mannen møtt av politiet, som tok han av toget. Det vert ikkje oppretta sak mot mannen. Dette opplyser operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse