annonse

Måtte stengja Voss barnehage

VOSS BARNEHAGE
VOSS BARNEHAGE: Grunna feil på varmeanlegget held Voss barnehage stengt tysdag. Men Villmarksgruppa er ikkje råka. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Ein feil på varmeanlegget gjorde at Voss barnehage måtte stengja dørene tysdag.

Ingvild Siglen Berger

Det skriv Voss kommune i ei kunngjering på sine heimesider.

Tysdag morgon 2. januar var det ikkje meir enn mellom 10 og 13 grader inne i bygget.

Barnehagen vart fylgjeleg stengt for 90 born. Villmarksgruppa er ikkje råka, då dei er ute uansett.

– Folk på staden jobbar for å finna løysinga på feilen, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Tor Helmer Halvorsen i Voss kommune.

Opnar att i morgon

– Bygget er såpass stort at det vil vera krevjande å varma opp bygget med andre kjelder enn varmeanlegget, altså med mobile omnar eller liknande.

Barnehagen har dialog med foreldra, som òg skal vera varsla på SMS.

– Sterkt beklageleg, og det er ingen god start på det nye året. Men det blir jobba så raskt som råd for å retta feilen, ifylgje Halvorsen.

Barnehagen opnar att i morgon, onsdag 3. januar, skriv kommunen på nettsida si tysdag ettermiddag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.