annonse

– Me er strålande nøgde med oppmøtet

LOS
LOS: Øyvind Wæhle losa folk ombord i kabinane. (Foto: Sjur Tveito)

I løpet av opningsdagen tok over 1000 passasjerar turen opp til Hangurstoppen.

Stine Strand Carlsen

Mange skodelystne tok gondolbanen på opningsdagen til Voss Gondol torsdag.

I løpet av dagen tok over 1000 passasjerar turen opp til Hangurstoppen.

– Dette er me svært nøgde med. Det var mykje lokalfolk som tok banen, men også ein god del turistar, seier administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Les òg:

– Eg vart rørt

Han fortel at han vart rørt av alle dei fine tilbakemeldingane som kom inn.

– Eg er heilt overvelda over all rosen me har fått. Folk vart særleg imponert over kor fint det var blitt på toppen, og skrytte veldig av restauranten. Etter så mykje arbeid, er det klart at slikt varmar, seier Wæhle.

Håpar på god trafikk

Han trur og håpar at folk held fram å ta banen framover.

– Eg trur dette vil verta eit populært tilbod. Dette er ein fantastisk måte å sjå Voss på, avsluttar han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse