annonse

– Me har vore heldige i uhellet

VASSLEKKASJE
VASSLEKKASJE: – Det er vanskeleg å vita kor store tapa er førebels, men eg trur eg har vore heldig, seier Kristian Finborud då han ser på bileta sine dagen etter lekkasjen. (Foto: Marita Saue Hamre)
RØYRET
RØYRET: Her sprakk det eit røyr, som gjorde at tusenvis av liter med vatn rann nedover bygningen i Stallgata onsdag kveld. (Foto: Marita Saue Hamre)
INGEN FRISØR
INGEN FRISØR: Også i Føniks frisør er det stengt torsdag på grunn av vasslekkasjen kvelden før. Store mengder med vatn låg på golvet. (Foto: Marita Saue Hamre)
STENGT
STENGT: Forretningane i Stallgata er stengt på ubestemt tid på grunn av vasslekkasjen. (Foto: Marita Saue Hamre)

Ein stor vasslekkasje råka mellom andre Galleri Finborud onsdag kveld.

Marita Saue Hamre

På grunn av ei frostsprenging i eit røyr på sprinklaranlegget, fossa det ut tusenvis av liter med vatn frå 3. etasje i Stallgata.

– Heldigvis fekk eg god hjelp frå naboar som hjelpte meg med å få vekk kunsten som vart råka, fortel Kristian Finborud.

Dagen etter lekkasjen renn det framleis vatn frå taket og ned i fyrste etasje. Truleg er det verst i galleriet, og i frisørsalongen Føniks som ligg vegg i vegg.

– Me har nok vore heldige i uhellet, og det er større skadar på konstruksjonen enn på tinga i lokala, seier Finborud.

Taper på å halda stengt

– Det er vanskeleg å seia kor store tapa er førebels, men det som me heilt klart taper på, er å halda stengt, seier Finborud.

Det same kjenner frisør Vigdis Møen på.

– Me er ved godt mot, og ynskjer gjerne å koma i gang att så fort som mogleg, seier Møen.

Dei to forretningane er stengde på ubestemt tid på grunn av vasslekkasjen.

– Eg trur eg kjem til å laga til noko provisorisk, og håpar på å trykkja bilete alt på måndag att, avsluttar Finborud.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.