annonse

– Me må snart seia ja eller nei til nytt bygg

NYTT
NYTT: I det nye bygget som politikarane vurderer å byggja er det planlagt areal til utleige, i tillegg til den plassen kommunen treng sjølv. (Foto: Modalen kommune/Illustrasjon)
GAMMALT
GAMMALT: Dagens kommunehus på Mo kan bli erstatta av nytt bygg. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Tysdag drøfta formannskapet på ny det planlagde service- og tenestesenteret på Mo, som skal erstatta det noverande kommunehuset.

Jan-Egil Dyvik

– Me er vel snart ved punktet der me må seia ja eller nei til om me vil byggja nytt eller ei, sa ordførar Tom Kristian Thorsen.

– Når ein sjølv skal byggja seg hus, så bestemmer ein seg fyrst for å gjera nett det. Etterpå finn me ut korleis huset skal sjå ut, og det er vel det me også etter kvart må gjera, meinte Thorsen.

Tre år gammal sak

Teknisk sjef, Tone Selmer Skuggevik, fortalde at saka om nytt hus er tre år gammal, og at det har vore tre ulike styringsgrupper.

– Me er komne langt i prosessen med å få svar på dei spørsmåla som vart stilte då. Slik at dette er ei sak som har vore jobba lenge med, sa ho.

Ho ynskte seg også ei meir tydeleg styringsgruppe, som formannskapet no er.

– Det vil vera fint om ordføraren går i bresjen, ynskte Selmer Skuggevik.

– Styringsgruppa er nett oppretta for å styra, slik at når det kjem spørsmål i kommunestyret, så må styringsgruppa stilla seg bak det dei har kome fram til, sa ho.

Ordføraren var samd i nett det, og ville fylgja det opp vidare.

Ei vanskeleg sak

– Eg for min del tvilar på at me alle kjem til å verta heilt samde om korleis dette skal sjå ut, men eg har hamna på at me må byggja nytt. Det kostar å driva det huset me har i dag også, minna Kjetil Eikefet om.

Ann Jorunn Farestveit var svært oppteken av at kommunestyret må få vera med i avgjerdene, ikkje berre styringsgruppa.

– Det er i alle fall vanskeleg for meg å seia ja til noko eg ikkje heilt er nøgd med. Me må diskutera kva bygget skal vera, mange er misnøgde med fleire ting i skissene, understreka ho.

– Bortkasta

– Det er uansett ei skisse eller ein ide me har fått frå arkitektane me har hyra. Det er ikkje sikkert at det endelege resultatet vert slik. Men, me må samla oss om å seia ja eller nei til nytt bygg, det er i alle fall mitt syn, sa ordførar Thorsen.

Rådmann Jo Tømmerbakke minna om at han ikkje såg noko poeng i å bruka meir pengar på å få arkitektane til å gjera endringar på dei skissene dei har kome med.

– Uansett veit me ikkje heilt prisen på bygget før tilboda er komne inn. Dei rundt 46 millionane dette er rekna til å kosta, er bygd på kalkylar og erfaringstal. Å bruka meir pengar på å endra teikningane no, dersom fleirtalet ikkje vil byggja nytt, ja så er det bortkasta pengar, påpeika rådmannen.

Hadde det vore eit hus berre for kommunale gjeremål, så hadde ein sjølvsagt ikkje hatt behov for eit så stort bygg som no er planlagt, la han til.

Avgjerd i juni

Det skal vera fleire formannskapsmøte før endeleg avgjerd i saka vil koma på junimøtet.

Og det vil verta skipa til folkemøte. Administrasjonen skal også finna svar på ein del spørsmål, som til dømes kva leigeinntekter ein kan venta seg på nybygget.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.