annonse

Me må tenkja nytt om emballasje!

EMBALLASJE
EMBALLASJE: Mykje emballasje blir brukt fordi varer treng emballasje, og særleg på enkelte grønt- og fruktvarer må ein ha emballasje for å sikra at varene held seg lenger, skriv elevane frå Stanghelle skule. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)
Regjeringsstrategi mot plastforureining

Visste du at nesten 260.000 tonn plast flyt i vassmassane på verdshava, og gjer stor skade på fisk, fugl og dyr?

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Forskarar trur at opp i mot 12 millionar tonn med boss om dagen endar i havet kvart år. Det svarar til 35.000 tonn boss om dagen. Det viser seg at omtrent 40 prosent av dei enorme mengdene med plast som hamnar i naturen og i verdshava, kjem som emballasje.

I 2015 vart det til dømes produsert 322 millionar tonn plastikk – tilsvarande 44.110 Eiffel-tårn etter vekt. Og kastar du ei plastflaske i havet, så vil det ta 450 år før den er vekke. Kan dette få halda fram?

ME ER 23 nysgjerrige elevar på Stanghelle skule som i snart to månadar no har forska på emballasjebruk og plastikkproblemet i verda. Dette er eit Nysgjerrigperprosjekt der me har lagt vekk dei vanlege naturfagbøkene for å forska på noko som me ikkje heilt veit svaret på og som kanskje kan vera litt komplisert å forstå. Me har jobba etter vår sjølvvalde problemstilling som lyder slik: «Kvifor blir det brukt så mykje emballasje på mat og drikke, og er det nødvendig?».

Me har mellom anna besøkt Hansa Borg Bryggerier der me lærte om emballasje, me har besøkt den miljøvenlege frisøren «In Vivo» på Dale og me har vore butikk- og kafedetektivar i nærmiljøet vårt.

Me har intervjua folk og forskarar, mange vareprodusentar har me teke kontakt med, og me har lese oss opp på plastproblemet. Me har utvikla eigne kreative emballasjeløysingar, me har laga litt plast, og forska på folk sine haldningar til emballasje.

Me har hatt emballasjeforsøk med grønsaka cherrytomat og me har prøvetesta det nyaste i marknaden: emballasje som kan etast. I løpet av ein månad har me òg samla saman all den emballasje som mjølk- og fruktordninga lèt etter seg på skulen vår. Og det var ikkje så reint lite.

Kva har me så funne ut?

ME HAR FUNNE ut at det blir brukt for mykje emballasje på mat og drikke. Folk flest synest også det, syner undersøkingane våre. Men det er ikkje berre for produsentane å slutta å bruka emballasje. Mykje emballasje blir brukt fordi varer treng emballasje, og særleg på enkelte grønt- og fruktvarer må ein ha emballasje for slik å sikra at varene held seg lenger – då unngår ein og lettare matsvinn.

Vårt matforsøk med cherrytomatar viser at det er viktig med rett emballasje slik at varene held seg gode og smaksfulle over lengre tid. Utan emballasje vart tomatane raskt dårlege etter ei stund og må kastast. Det er jo heller ikkje bra å kasta for mykje mat.

Me har og lært at ein treng emballasje for å sikra produkta under transport, sikra god hygiene/matsikkerheit og for å gje informasjon til oss forbrukarar om produktet. Samtidig har me sett i butikkar og på kafear at det finst mange varer som godt kan emballerast mykje mindre enn det vert gjort i dag. Butikkdetektivane våre har særleg merkt seg at dette gjeld særleg chipsposar, kjeksinnpakningar, godteriposar og enkelte typar frukt.

Kanskje matvarebutikkane i framtida kan bli flinkare til å ha eigne avdelingar med lite plastemballasje? Og kanskje me kundar bør slutta å kjøpa varer som ser «så fine ut» berre fordi varene har så mykje emballasje? Me hadde eit drueforsøk som viste at utsjånad kan ha noko å seia for våre haldningar til produktet. Ei drue smakar vel ikkje nødvendigvis betre berre fordi ho er emballert i ei kul og fargerik plastinnpakning som me likevel kjem til å kasta når drua er ete? Kafedetektivane våre har sett at det går an å nytta ei og same glasklokke til vaflar på kafeen i staden for å nytta ny plastinnpakking til vaflane kvar dag. Me må kanskje alle verta meir kritiske når me er i butikkar for å handla, og kanskje gje beskjed eller slutta å kjøpa produkt som har for mykje emballasje på seg.

HANSA BORG BRYGGJERI fortalde oss under vårt besøk at dei har valt å nytta plastemballasje på nokre av sine forpakningar fordi dette reduserer emballasjeforbruket deira med om lag 350 tonn i året. Det er mykje. Det blir då viktig at me som kjøper desse varene er flinke til å resirkulera denne plasten, slik at me unngår å forsøpla hava våre med mellom anna mikroplast.

Mikroplast er nemleg små plastpartiklar som kjem frå plasten i hava når den vert sliten ned til mindre og mindre partiklar. Dette trur fiskane er mat og dei et det. Det vekte oppsikt då ein kval stranda på Sotra for ei tid tilbake, og forskarar fann 30 plastposar i magen på den sjuke kvalen. Mange meiner at dersom det ikkje vert sett ein stoppar for plastforureininga av hava våre, så vil det vera meir plast enn fisk i havet i år 2050. Og då kan det godt tenkjast at me menneske faktisk får i oss mikroplast når me et fisk i framtida. Er dette bra for helsa og kroppen vår?

MEN ER DET bra på sikt å resirkulera plasten? Kanskje det må forskast på nyare miljøvenlege stoff. Men så langt har nok ikkje verda kome enno, men me har gjennom prosjektet fått ein e-post frå ein forskar frå NTNU som for tida forskar på nanocellulose som er eit nedbrytbart og naturleg materiale som i framtida kan erstatta plast. Nanocellulose kan til dømes erstatta plast og aluminium som tett fôring i emballasje, til dømes i ein kartong med appelsinjuice.

Me spør oss om me verkeleg treng å pakka inn noko som det tek nokre minutt å eta i ein emballasje som det tek fleire hundre år å bryta ned? Det vert spennande å sjå om det kjem til fleire typar emballasje som kan etast av menneske og dyr.

PÅ HANSA
PÅ HANSA: 6. og 7. trinn på Stanghelle skule var på Hansa Borg Bryggerier for å læra om emballasje. Foto: Privat

Klassen vår har også fått lov til å vera prøvetestarar av BAKO sine nye miljøvenlege emballasjeprodukt som vart lanserte for nokre veker sidan i Noreg. «Do Eat» er naturlege produkt som er laga av ei oppskrift på vatn og potetstivelse, er 100 prosent biologisk nedbrytbare og skal kastast med matavfall dersom dei ikkje vert etne, det er både smart og miljøvenleg. I Mat- og Helsefaget har me nysgjerrigperar fått laga dessert i skåler og former som kan etast, og dette funka heilt topp! Eller kva med å gjera som bryggjeriprodusenten Saltwater Brewery i Florida­ som står bak ein ny type emballasje rundt drikkeboksar som kan både brytast ned naturleg og som kan etast av fugl, fisk og andre skapningar.

ME HAR GJENNOM prosjektet lært at det i dag vert forska på meir miljøvenlege former for emballasje, og me synest det er spennande å tenkja på at ein i framtida kanskje kan laga emballasje av plantar? Me treng eit alternativ til spesielt plasten som kjem til å bli eit stort problem på jordkloden vår i åra som kjem.

Me har òg utført ei emballeringsdesignoppgåve der me viser at løysinga framover kanskje må vera å tenkja LOW-TECH emballasje som er laga av materiale som ikkje forureinar naturen. Dette tilrår også Miljøvernforbundet i Noreg.

Vårt møte med den miljøvenlege frisøren på Dale viser at det mogleg å satsa på miljøvenleg emballasje som kan gjenvinnast. Me kan alle som butikk-kundar bruka handlenett om igjen og om igjen i staden for heile tida å kjøpa nye plastposar på butikken. Det er òg spennande at det denne våren skal satsast på Handelens Miljøfond som skal bidra til å redusera plastposebruken ved at butikkar skal få midlar til å innføra gode miljøtiltak som å tilby handlenett til sine kundar.

EIN GUT I klassen vår sa noko klokt i januar. Han sa at dette handlar om «bevisstheit». Han hadde ringt til mora si for å intervjua henne om emballasjebruk. Ho jobbar på ein fabrikk, og ho sa: «Så kjekt at du minner meg på dette med emballasje. No må me ha fokus på dette her og.»

Me håpar difor at forskinga vår vil føra til at folk blir meir bevisste på emballasjebruken på mat og drikke framover, for me har trua på at menneska på jorda kan på sikt løysa dette problemet. Men det hastar litt. Me held difor på å laga ein kul Youtube-video som me håpar skal få menneske til å bli endå meir miljøbevisste knytt til emballasjebruk, for me kan alle gjera litt!

Og ja, det vert brukt for mykje emballasje på enkelte varer som ikkje er nødvendig.

Miljøhelsing frå Stanghelle skule, 6. og 7. klassetrinn: Eivin, Trym, Isabella, Linea, Jenny, Emma F., Sunniva, Hedda, Tor Kristian, Nora, Nicholas, Sigrid, Håvard, Alexandra, Jone, Ida Louise, Ida J., Ingrid, Anders, Oddbjørn, Anna, Helen, Thea og naturfaglærar Robert.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.