annonse

Meiner Noreg må bli mindre byråkratisk

FYLKESMANN
FYLKESMANN: Lars Sponheim var onsdag på Voss og snakka til Senioruniversitetet om kommunereforma. – Det er vinstar i å slå kommunar saman, meiner Sponheim. (Foto: Karl Ystanes)

– Ei framtid utan inntektene frå olje og gass, og med stadig fleire pensjo-nistar, krev høgare arbeidsinnsats og endringar i det offentlege.

Karl Ystanes

Det sa fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim til Senioruniversitetet på Voss onsdag, der han var invitert for å forklara kva kommunereforma går ut på, kva som er fylgjene av reformene så langt og framfor alt kvifor det er naudsynt.

Saknar forklaringa i media

Særleg det siste meiner den slagferdige ulvikjen er noko underkommunisert, eller rettare, underprioritert i aviser og andre media i landet.

– Eg er ikkje ein kar som lett let meg frustrera, men den dårlege mediedekninga dette emnet har fått, ikkje minst med tanke på kor viktig det er, har gjort meg frustrert, sa Sponheim.

Sponheim har tidlegare vore både næringsminister og landbruksminister, og er no fylkesmann i Hordaland. Han kjem også til å verta den nye fylkesmannen i det nye fylket som, dersom Stortinget ikkje protesterer, skal heita Vestlandet fylke, som er slege saman av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fleire eldre, færre pengar

– I framtida vil det vera særleg tre tilhøve som gjer det tvingande naudsynt å omorganisera offentleg sektor. For det fyrste vert det stadig fleire eldre. Dei skal takast vare på, og det vil verta dyrt. Det vil skje samstundes med at nasjonen Noreg må lita på andre inntekter enn dei svært lettente inntektene frå olje og gass. I framtida må difor fleire vera i arbeid, og me må jobba lenger i livet, færre kan jobba deltid og me må prioritera arbeid som lønar seg godt. I tillegg vil klimaendringane tvinga fram løysingar som gjer at me ikkje kan lita på hovudinntekta vår som i dag kjem frå omsetjing av fossile energikjelder. Dette i sum gjer at me må sjå på korleis det offentlege Noreg er sett saman, og me må gjera drifta rimelegare og mindre byråkratisk, slik at fleire kan jobba ved sjukesengene og bak kateteret der trongen vil vera sterkast, sa fylkesmannen, før han kategorisk slo fast at det er vinstar i å slå kommunar saman.

Ein tilhøyrar i salen antyda at kanskje også Fylkesmannen burde kunna slanka organisasjonen sin.

Sponheim kommenterte dette ved å visa til at han rår over 60 juristar.

– Eg treng dei alle saman, sa Sponheim.

– Uomtvisteleg vinst

– Det er uomtvisteleg at det ligg stordriftsfordelar i at kommuneadministrasjonar vert slegne saman! Det har også skjedd, ikkje med like mange som Fylkesmannen har rådd til i denne runden, men likevel; det har skjedd, og det er ei rørsle som regjeringa skal ha skryt for. Det er nemleg heilt naudsynt å få dette til, om me skal kunna ta vare på velferdssamfunnet slik me kjenner det også i framtida, sa Sponheim til seniorane på Voss.

Han gjorde greie for kva kommunar i Hordaland som har gått saman, og kva fylke i landet som har gjort det same. Status per 1. januar 2018 er at ikkje like mange har funne kvarandre, i høve til kva staten gjennom fylkesmennene har rådd til. Men Sponheim er tolmodig, og varslar nye rundar.

Mogning heller enn tvang

– Me byggjer landet skritt for skritt. Kanskje nokre tenkjer det skjer med litt for mange skritt, men det går i rett lei, svara han på spørsmål om kvifor ikkje hans som fylkesmann nytta seg av høvet til å bruka tvang, til dømes for å få Ulvik og Eidfjord saman med andre kommunar.

– Andre fylkesmenn har brukt tvang, men eg er ikkje sikkert på kor klokt det vil visa seg å vera. Me skal gå fleire rundar i framtida, og eg valde å ikkje bruka tvang denne gongen. Me skal møtast fleire gonger, og dette handlar om at ein mognast ulikt, og at vilkåra og røynda kan koma til å endra seg slik at det i neste runde kanskje går lettare. Eg brukar meir merksemd på dei nye kommunane enn dei gamle, for å seia det slik, sa Sponheim, som elles kom med rosande ord om Voss og Granvin, for måten dei to kommunane jobbar saman for å verta eitt herad.

Skryt til Voss og Granvin

– Dei er førebilete. Granvin sa det rett ut, at ein vart for små, og søkte hopehav med andre. Voss har oppført seg som ein raus forhandlingspart, langt rausare enn korleis rykta i til dømes Ulvik kan framstilla Voss, og dette er ei god løysing. Det same meiner eg gjeld for Ullensvang, Odda og Jondal som no vert ein kommune. Når det gjeld Ulvik og Eidfjord, så er det ikkje noko dramatisk for Noreg at desse to vert ståande att åleine litt til. Det er kanskje mest krevjande for dei sjølve, når det gjeld å kunna gje gode lovpålagde tenester til innbyggjarane, sa Sponheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.