Avisa Hordaland

Nyhende

Miljødronninga

Miljødronninga

Synnøve Kvamme sin kamp mot kraftmastene i Hardanger vekte eit miljøengasjement i henne som held fram med full styrke.

annonse

Synnøve Kvamme ville verta sjuke­pleiar.

Lite visste ho korleis livet hennar skulle verta snudd i ei anna retning, av oppslaga på butikken med kart over ei planlagd kraftlinje, og det fyrste informasjonsmøtet som Statnett heldt i Granvin.

Synnøve var med i ungdomsrådet i Granvin, og ho og dei andre ungdommane reagerte sterkt på planane om linjebygging.

– Eg hugsar godt det møtet, og eg hugsar det fyrste fakkeltoget me i ungdomsrådet fekk i stand. 300 vart med og gå!

Dette var på vårparten i 2005, då Statnett var på ein møterunde i Hardanger med informasjon om den store kraftlinja som dei ville byggja mellom Simadalen og Samnanger.

– Eg var naiv, og heilt sikker på at det ikkje gjekk an å byggja ei slik linje. Det måtte vera umogleg når alle andre her sa nei til dette. Det var slik demokratiet som me hadde lært om på skulen, fungerte.

Ho arbeidde iherdig mot planane, den tida ho var med i det lokale ungdomsrådet.

Etter det vart ho ein naturleg leiarperson i Hardanger­aksjonen mot kraftlinja. Fyrst som talsperson, seinare som leiar for aksjonen. Ho vart ein travel påverkar, debattant og aksjonist.

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - PASSIV AKTIVIST Synnøve Kvamme vart boren bort, då ho og fleire aksjonerte på Rong tidleg i juli 2011.

PASSIV AKTIVIST: Synnøve Kvamme vart boren bort, då ho og fleire aksjonerte på Rong tidleg i juli 2011.Foto: Arkiv

Se dette bildet i full størrelse
Vidar Herre/Arkiv - SYMBOLTUNGT Politiet stilte mannsterke for å fjerna aksjonistar som utøvde sivil ulydnad på Rong i juli 2011. Synnøve Kvamme stilte i bunad for å understreka alvoret i protestane. Medaksjonist er Magne Hagesæter.

SYMBOLTUNGT: Politiet stilte mannsterke for å fjerna aksjonistar som utøvde sivil ulydnad på Rong i juli 2011. Synnøve Kvamme stilte i bunad for å understreka alvoret i protestane. Medaksjonist er Magne Hagesæter.Foto: Vidar Herre/Arkiv

Vart naturvernar

Før denne saka hadde ho vore glad i naturen og i fjella heime. Men maste­saka gjorde henne til ein brennande engasjert naturvernar.

Over fem år har gått sidan kraftlinja med alle sine monstermaster vart teken i bruk. For å få aktuelle foto går turen vår til Stokksel i Granvin, og langs den breie anleggsvegen som går opp mot dei næraste mastene.

Etter å ha kjempa mot at kraftlinja skulle verta godkjend, og seinare aksjonert mot bygginga, har Synnøve vore student. I staden for sjukepleiestudiar, valde ho statsvitskap. Engasjementet for naturvern har halde fram i andre saker, og no som tilsett som fylkes­sekretær i Naturvernforbundet i Hordaland.

– Korleis kjennest det å vera her, tett på kraftlinja?

– For meg vil det aldri vera kjekt å vera i «masteland», og spesielt ikkje i dei områda som tidlegare var dei kjæraste for meg. Linja har øydelagt det, for meg. Det er sårt.

Arkiv - I AKSJON Halldis og Gudrun Folkedal saman med Synnøve Kvamme under ein av dei mange aksjonane mot bygginga av monstermastene. Biletet er frå juli 2012.

I AKSJON: Halldis og Gudrun Folkedal saman med Synnøve Kvamme under ein av dei mange aksjonane mot bygginga av monstermastene. Biletet er frå juli 2012.Foto: Arkiv

Uklokt inngrep

Kraftmastene står der og brummar for seg sjølve. For Synnøve er dei ei konstant påminning om at naturen og demokratiet tapte.

– Dei skulle aldri stått der. For meg kjem det alltid til å vera slik. Om mastene er stygge eller fine, er under­ordna, og ikkje så relevant. No veit me betre enn nokon gong at det ikkje er berekraftig å forbruka natur på denne måten.

Synnøve snakkar om verdien av naturmangfald, om kraftlinja som ein barriere for reinsdyr, fuglar og pattedyr. Vegar og andre inngrep kan synast små, kvar for seg.

– «Det må me tola», tenkjer mange. Inngrepa vert bagatelliserte, og me ser ikkje heilskapen.

Synnøve Kvamme angrar ikkje på noko av det som vart gjort i kampen mot kraftlinja.

– Det kjem eg aldri til å gjera. I etter­påklokskap ser eg at me kanskje skulle ha starta aksjonane alt hausten 2010. Ekstraomgangen med rapportar om sjøkabel var ikkje ei reell vurdering. Masteproduksjonen var alt starta i Kroatia. Me prøvde å få fram sanninga, også om den vikarierande argumentasjonen som vart brukt for kraftlinja, seier ho.

– Føremålet med linja var fyrst og fremst eksport, deretter elektrifisering av oljeplattformer. Straumforsyninga til Bergen var aldri så kritisk som dei hevda, men eit argument dei brukte som eit trumfkort, meiner Kvamme.

– Spel for galleriet

Mellom silolassa som skal sikra vinterfôr til sauene på Syse gard, svarar Hans Uglenes i Ulvik på spørsmål om mastesaka. Han fekk oppleva saka på nært hald, ikkje minst i form av kraftmastene som vart bygde tett ved stølsområdet Jonsstøl. Verneverdiane i området var ikkje nok til å hindra bygging av kraftlinja nær stølane til fleire gardbrukarar i Ulvik.

– Det eg tenkjer på i ettertid er det visuelle, at linja skjemmer naturen vår. Men så tenkjer eg også på sjølve prosessen omkring linja som me fekk oppleva. Eg mista ein del av tilliten min til politikarane, av den saka.

annonse

Etter åra som har gått, er saka ikkje lenger noko han tenkjer på så ofte.

– Det var fælt til å byrja med, men så vart det slik. Eg går ikkje og ­ergrar meg over dette. Eg går vidare i livet.

Hans Uglenes minnest at Jens Stoltenberg sa at mastene ikkje ville visa frå fjorden. Men i Ulvik ser ein dei heile vegen.

– Det var mykje bløff ute og gjekk. Dette var bestemt og bestilt på føre­hand, høyringane var eit spel for galleriet regissert av Statnett og dei sentrale politikarane i samhandling, meiner han.

Se dette bildet i full størrelse
Arkiv - VINTER Alt vinteren 2011 var filminnspelinga i gang. Synnøve Kvamme saman med Vigdis Nielsen, Geir Netland og Nils Petter Midtun.

VINTER: Alt vinteren 2011 var filminnspelinga i gang. Synnøve Kvamme saman med Vigdis Nielsen, Geir Netland og Nils Petter Midtun.Foto: Arkiv

Se dette bildet i full størrelse
Karl Ystanes/Arkiv - Forsvarar Randi Hagen Spydevold, ­Synnøve Kvamme, Aslak Helleve, Gro Signe Aalvik. Bak Halldis Folkedal (frikjend), Gudrun Folkedal, Mona Nordaas, Eirik Varberg Eriksen (frikjend) og Arne Andersen.

ETTERSPEL: Halldis Folkedal (frikjend), Gudrun Folkedal, Mona Nordaas, Eirik Varberg Eriksen (frikjend) og Arne Andersen.Foto: Karl Ystanes/Arkiv

Dei brukar stølen som beiteområde og til rekreasjon, som før. Saka har gjeve han lærdom, han kan ikkje som før stola på byråkratar og politikarar.

– Det samarbeidet me opplevde, mellom NVE, Statnett og politikarane, det er eit mønster me no ser att mange plassar. I saka om vindkraftutbygging, til dømes. Eg veit korleis systemet fungerer i slike saker.

Sjølv kunne han gjera seg tidlegare ferdig med saka, enn det aksjonistane i lenkjegjengen fekk gjera.

– Eg var ikkje i rettssak, slik aksjonistane var, så eg fekk sleppa den påkjenninga det var.

Skeivt styrkeforhold

Kjensla av at dette var ein udemokratisk prosess, har ikkje bleikna hjå Synnøve. Motstanden mot kraftlinja var massiv i Hardanger, og fekk oppslutnad langt utover i landet.

– Me vart overkøyrde. Difor hadde me i høgste grad gode grunnar for å aksjonera.

Då bygginga starta, valde dei mest ihuga motstandarane å aksjonera i form av sivil ulydnad. Dei plasserte seg i vegen for arbeidsfolka, og hindra dei på ulikt vis. Sommaren 2011 tok dei i bruk bunaden, under nokre av aksjonane.

– «Åja, du er ho i bunad» seier folk som eg møter no. Det er ofte dette eg vert forbunde med.

– Kvifor valde de bunad, som er festplagget i Hardanger?

– Me ville visa at dette meinte me alvorleg. Bunaden er det mest ærverdige plagget me har. Me ynskte å få fram at det var både nasjonale og internasjonale verdiar me kjempa for. Bunaden var eit bilete på kva me var villige til å risikera.

I rettssalen

I symbolikken låg det også at dei fekk vist kor ulikt maktforholdet var, mellom aksjonistane og den store staten. Politiet skreiv etter ei tid ut ferdselsforbod til aksjonistane som kom i vegen for arbeidet. Dette tok aksjonistane med seg til retten, og fekk til slutt medhald i at politiet ikkje hadde lovheimel for å gjera dette. Det provoserer Synnøve Kvamme å sjå at politiet framleis tek i bruk dei same knepa mot ­aksjonistar, andre stader i landet.

Sjølv om kampen mot monstermastene vart tapt, har frontfiguren også vunne noko.

Arkiv - UNGDOMSRÅDET Synnøve Kvamme var klar til protest mot kraftlinja i november 2005, saman med resten av ungdomsrådet. Frå venstre Aslak Såkvitne, Tarjei Lienig og Magnhild Holven. Karoline Vik og Jostein Mæland Moe var også med i ungdomsrådet på denne tida.

UNGDOMSRÅDET: Synnøve Kvamme var klar til protest mot kraftlinja i november 2005, saman med resten av ungdomsrådet. Frå venstre Aslak Såkvitne, Tarjei Lienig og Magnhild Holven. Karoline Vik og Jostein Mæland Moe var også med i ungdomsrådet på denne tida.Foto: Arkiv

– Det var ei tid med ein utruleg bratt læringskurve, og eg fekk mange fantastisk fine opplevingar saman med andre i Hardangeraksjonen. Me fekk eit sterkt samhald, og eg vil alltid koma til å ha eit band til dei. Min andre familie, kallar eg dei.

Opplevingane ho tenkjer attende på er også dei mange flotte stundene ute i naturen.

– Det er ei heilt spesiell oppleving å vera i ein slik situasjon. Me var der for å forsvara naturen. Me kan ikkje ta den for gitt, slik eg gjorde før. ­Naturen er under press heile tida, og treng at nokon står opp for den!

Trivst i Bergen

Synnøve er busett i Bergen no, saman med amerikanske Steven. Han er student, og oppteken av natur og miljø, som Synnøve.

– Eg trur han forstår kva eg har opplevd, og at det har vorte ein viktig del av meg. Han har vore med meg på tur, og sett mastene han og.

– Du bur i Bergen, og har sikker straumforsyning der, då?

– Ja, men det hender det er straumbrot der òg, ler ho.

– Det er vanleg for eit samfunn å oppleva det, me kan ikkje heilgardera oss mot uhell. Under mastesaka vart den dårlege forsyningstryggleiken maksimert, og sett på som ei vanvitig krise. No bur me elles i ei veldig lita leilegheit, og sløsar ikkje med straumen, forsikrar ho.

Under den heitaste debatten om kraftlinja sa Synnøve frå om at ho ikkje kunne bu i Granvin i framtida, om mastene vart bygde.

Daniel Melve Kvarme/Arkiv - STATSMINISTEREN Ungdommar i Granvin møtte Jens Stoltenberg då han var på synfaring i Hardanger i 2010.

STATSMINISTEREN: Ungdommar i Granvin møtte Jens Stoltenberg då han var på synfaring i Hardanger i 2010.Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv

– Er det framleis slik?

– Granvin er kanskje ikkje staden der det er aktuelt for meg å bu, men det vil alltid vera heime, for meg. Mange av dei beste venene mine har flytta hit att, og eg kunne nok ha trivest i Granvin, vedgår ho.

– Men det skal finnast jobbar for oss begge, og plassen vert nok litt for liten. Eg likar byen òg! Men kanskje Hardanger, med fjorden og fjella, og eit småbruk på sikt, seier ho litt svevande.

Politikar?

Mange har opplevd Synnøve som den engasjerte og uredde talspersonen for naturen, ikkje minst i Hardanger. I førre periode var ho medlem i heradsstyret i Granvin, for Venstre.

– Venstre var så tydeleg i mastesaka både lokalt og nasjonalt, så då var det rett for meg. Men eg var ikkje medlem i partiet, og er ikkje partimedlem nokon stad no heller. Då er det meir naturleg å arbeida i Naturvernforbundet. Og alle politiske parti må uansett forholda seg til berekraftig utvikling.

Skulle ho vera politikar, måtte det helst vera på nasjonalt nivå. Men det inneber å bu i Oslo, og det vil ho ikkje.

– Dessutan er eg så redd for å verta fanga i det politiske spelet. Eg er redd for å mista meg sjølv! Politikarar bør kunna innrømma feil, heller enn alltid å framheva alt det gode dei gjer. Det aukar ikkje akkurat truverd og tillit til dei. Eg har stor respekt for folk som innrømmer feil.

Sigrid Seim - NI MIL I 90 kilometer gjennom fjellområda i Hardanger er den store 420 kV kraftlinja bygd. Biletet er frå Stokksel i Granvin.

NI MIL: I 90 kilometer gjennom fjellområda i Hardanger er den store 420 kV kraftlinja bygd. Biletet er frå Stokksel i Granvin.Foto: Sigrid Seim