annonse

Miljøgode og fjordnære hus i vente

TILRETTELAGT
TILRETTELAGT: Stasjonsområdet er klargjort for bustadbygging. Sjur Hermann Rørlien i Øvsthus Utvikling har tru på interesse for bustader tett ved fjorden. (Foto: Sigrid Seim)
UTKAST
UTKAST: Slik kan bygningane ta seg ut, med elva på baksida. (Foto: Bruket Arkitektur/Illustrasjon)
Stasjonsområdet

Øvsthus Utvikling er i ferd med å prosjektera dei fem-seks fyrste bustadene som skal byggjast på Stasjonsområdet i Granvin.

Sigrid Seim

– Me er tømrarar, og vart litt trigga av at heradet har lagt gode, tydelege føringar om at dei ynskjer at det vert bygd trehus her, med krav både til kvalitet, miljø og estetikk. Det er i tråd med det me ynskjer å arbeida med, seier dagleg leiar i Johs. E. Øvsthus AS, Sjur Hermann Rørlien.

Dotterselskapet Øvsthus Utvikling, der Rørlien også er dagleg leiar, handterer utviklinga av tomtene som dei no er i ferd med å få hand om. Granvin har regulert for bygging på tre tomter i området der endestasjonen på Hardangerbana i si tid låg. Fyrst ute er området B05, nærast den gamle hotellhagen, Mælandshagen.

Før påske underteikna Øvsthus Utvikling ein intensjonsavtale med Granvin herad, som gjeld dei tre tomtene B05, B06 og B07. Samla er det avtala ein pris på 2,8 millionar kroner for områda, der to av tomtene er prisa til ein million kroner, og tomta i midten til 800.000 kroner. Utbyggjaren kan setja opp minst fem, eller maks seks heilårsbustader på dei største tomtene, minst tre eller maks fire på tomta i midten.

Fem bustader fyrst

– Me arbeider med ulike variantar for husa, og endar kanskje med femt, for å få litt luft mellom husa, seier Rørlien.

Bruket arkitektur har laga dei fyrste skissene til området B05 med bygningar som er innretta etter dei mange føringane som er lagt for området. Det er krav om møneretning, saltak, maksimal breidde, maksimal mønehøgd og gesimshøgd. Husa skal ha tak med skiferheller, raud teglstein eller tretak.

– Utgangspunktet er at det er ynske om trehus, difor legg me vinn på å byggja med mest mogleg tre. Det skal verta miljøgode og sunne hus, seier Rørlien, og nemner stikkord som dampopne konstruksjonar, og bruk av trefiber som isolasjon i vegger og tak.

– Me planlegg utan bruk av plast, understrekar han.

Dersom dei endar på fem bustader i det fyrste feltet, kan dei få buareal på rundt 120 kvadratmeter i dei største, og 70 kvadratmeter i dei minste.

– Det er snakk om fortetting, difor vert det ikkje dei store einebustadene her, seier Rørlien.

– Når er de i gang?

– Når me har fått teikna ut husa skal dei byggjemeldast, før me kan leggja dei ut for sal. Viss salet slår til, kan me koma i gang alt i år med bygginga.

Fleire interesserte

Sjur Hermann Rørlien kan visa til at det alt har meldt seg interesserte, som fylgje av at jungeltelegrafen har gått. Kva husa kan koma til å kosta vågar han ikkje å seia noko om, det vil fyrst verta klart etter at husa er prosjektert.

– Me ynskjer ikkje å tapa pengar på dette, men me ser heller ikkje at dette vert nokon millionbutikk. Me håpar det vert bra for alle partar.

Sjur Hermann Rørlien meiner området er unikt, med flott opparbeidd flaumsikring, lett tilgang til både elv og fjord, og til offentleg friområde. Han skryter av planlegginga som heradet har gjort, med krav til både kvalitet, miljø og estetikk for dei nye bygga.

– Viss det fyrste området vert fullteikna raskt, går me i gang med planlegginga for neste trinn. Det treng ikkje verta ein blåkopi av dei fyrste, men skal framleis vera i tråd med krava til utforming og kvalitet. Det skal vera ein heilskap i bygningsmiljøet her, seier han og ser over på husrekkja som står nærast til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.