annonse

Miljøvernprisen til Kari Bye

PRISVINNAR
PRISVINNAR: Kari Bye er vinnar av Miljøvernprisen 2017. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
TILDELING PÅ TINGHUSET
TILDELING PÅ TINGHUSET: Kari Bye fekk tildelt prisen av Vidar Skeie, leiar for Utval for miljø og kultur i kommunen. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Torsdag kveld vart Kari Bye tildelt Miljøvernprisen 2017.

Ingvild Siglen Berger

– Eg vart veldig overraska, og tenkte eigentleg ikkje at eg hadde gjort noko spesielt, seier Kari Bye.

Det var ein rørt prisvinnar som tok imot eit grafisk trykk av Geir Nymark og gode ord frå Vidar Skeie, leiar i Miljø- og kulturutvalet i kommunen.

Miljøet har oppteke ho i lang tid.

– Eg har vore oppteken av berekraftige menneske meir enn miljøvern, fordi det er menneske som skapar gode samfunn og tek vare på omgjevnadane. Men så har eg kome meir og meir inn på miljøvern. Eg er oppteken av å vera med på å skapa gode samfunn, fortel Bye.

Engasjert gjennom trua

Det er på bakgrunn av årevis med engasjement, og særskilt arbeidet med miljøvern i kyrkja, som gjer at Bye får prisen frå Voss kommune.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det: «Kari har lenge hatt eit stort miljøengasjement. Då ho budde i USA, fekk ho god kontakt med urfolk der. Dei gav henne eit godt grunnlag for å engasjera seg for å ta vare på naturen. Sidan har ho engasjert seg mykje for dette. Hennar engasjement har ho særleg uttrykt gjennom si kristne tru. Å ta vare på skaparverket, har vore viktig for henne. Ho har såleis vore med på å ta initiativ til å gjera Voss sokn til Grøn kyrkjelyd».

Omsette barnebok

I 2015 vedtok Voss sokneråd fleire miljøtiltak for å verta ein grønare kyrkjelyd. Bye har som medlem av kyrkjelyden si «grøne» arbeidsgruppe elles vore med på mange aktivitetar, som til dømes kyrkja sin sykkeldag. Ho er og med i «Besteforeldrene sin klimaaksjon», deltek i internasjonale nettverk for berekraft og rettferdig foredling, gjev uttrykk for engasjement gjennom artiklar i ulike media og i haust omsette ho ei amerikansk, digital lærebok for born til nynorsk, som heiter «Kva er det som skjer med klimaet vårt?». Denne vart nyleg gratis tilgjengeleg på nett. 

Miljøvernprisen vart delt ut for 27. gong på Voss, og i statuttane står det at prisen skal vera til heider og stimulans for enkeltpersonar, bedrifter eller lag som har utmerka seg innan miljøvernarbeid i kommunen.

Du kan lesa meir i avisa fyrstkomande laurdag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.