annonse

Milliardgjengen skal sikra Brasil-festen

Jakta til Brasil på VM-gull går vidare med det dyraste forsvaret i verda. Tett opp mot 1 milliard kroner er prisen.

Tysdag møter brassane Mexico i den andre kampen sin. Det kan bli hardt nok, og begge laga jaktar på full pott og seks poeng etter to kampar.

NTB har sett på spelarprisane hos fleire nettstader, mellom anna transfermarkt.com.

Slik fall det ut for Brasils keeper og backfirar. Dei enda opp med ein samla verdi på 968 millionar kroner. Dette er prisane på kvar einskild:

Midtstoppar Thiago Silva 335 mill.

Midtstoppar David Luiz 225

Venstreback Marcelo 216

Høgreback Dani Alves 157

Keeper Julio Cesar 35

Ope

Brasil var i trøbbel i opningskampen mot Kroatia. Balkan-laget avslørte det mange allereie visste: At det er nok av plass på flankane og innimellom også i midten hos forsvaret til Brasil.

– Vi har alle sett avgrensningane til David Luiz i forsvaret til Chelsea, og på landslaget er det ikkje alltid han og Thiago Silva er så nær kvarandre at dei kan ha radiokontakt, seier Mark Lawrenson til BBC.

Den tidlegare Liverpool-spelaren veit ein del om forsvarsspel. Det var i midtforsvaret han la grunnlaget for ein solid karriere.

Sikring

Trenaren til Brasil, Luiz Felipe Scolari, er ein tøffing. Trass kritikk om at laget hans ikkje spelar underhaldande nok, held han på sitt.

Det betyr mellom anna ein sentral midtbane som skal verna forsvaret. Luiz kan frå tid til annan gjera dei merkelegaste ting.

Sist sesong var han berre eit tredje-fjerdeval for Jose Mourinho som midtstoppar i Chelsea.

Difor er det makker Silva, truleg den beste i verda på plassen sin, som må ta det tyngste ansvaret.

Marcelo vil gjerne mykje framover på banen, og det gjer at han etterlet boltreplass for motstandarane. Alves er heller ingen sinke på offensiven.

Scolari veit godt at laget hans truleg ikkje vinn noko VM med vill angrepsfotball og defensiv naivitet. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.