annonse

«Minusgrader» er i gang

MANN OG GITAR
MANN OG GITAR: Gaute Ormåsen (34) mana fram allsang i gjengen av glade ungdommar. (Foto: Siri Flatlandsmo)
KUL FYR
KUL FYR: Ithalobrothers er populære blant festivaldeltakarane. (Foto: Siri Flatlandsmo)
STEMNING
STEMNING: Det var ikkje fullt i Idrettshallen, men dei som var der ser ut til å kosa seg. I bakgrunnen står Ithalobrothers på scena. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Fyrste halvdelen av den to dagar lange festivalen er over. Arrangøren håpar på meir folk laurdag.

Siri Flatlandsmo

– Gaute! Gaute!

Gaute Ormåsen går på scena i Idrettshallen. Framføre han står ei stor gruppe ungdommar ved scena. I resten av Idrettshallen er festivaldeltakarane spreidde utover.

– Det er litt lite folk, synest arrangør Øyvind Riibe i MultiEvent.

Ungt publikum

Så langt denne kvelden har Italobrothers stått på scena, i tillegg til DJane Sendix og Benjamin Edvardsen. Publikumet er litt yngre enn Riiber hadde venta på førehand.

– Me hadde rekna med at ein del av publikummet skulle vera 18-åringar, men ikkje så mange av dei, seier Riiber.

Han legg til:

– Men dei har oppført seg bra.

Ein skulle kanskje ikkje tru at Ormåsen hadde så sterkt fotfeste mellom dei unge, men det er kanskje ikkje riktig.

– Då eg var 21 år fekk eg mitt fyrste møte med kjærleiken, fortel Ormåsen og set i gang med låten «Kjærlighet er mer enn forelskelse».

Festivaldeltakarane bryt ut i allsong og svingar seg sakte over det klissete gymgolvet.

Snart skal Vida Villa, siste bandet for i kveld, innta scena.

Håpar på meir folk laurdag

Sjølv om Riibe ikkje er heilt nøgd med oppmøtet denne kvelden, har han og MultiEvent  ein sjanse til. Laurdag står mellom anna både Rednex og Tix på scena.

– Desse headlinerane trekkjer til seg veldig ulike grupper menneske, to ulike generasjonar. I morgon veit me det vert meir folk, seier Riiber.
 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.