annonse

Mobbeombod i alle fylke

ZERO MOBBING
ZERO MOBBING: Vosseskulane jobbar for at ingen skal bli mobba. No skal alle fylke få kvart sitt mobbeombod. Biletet er for å illustrera. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Frå hausten av, skal alle fylke ha sitt eige mobbe­ombod. Ombodet skal vera med på å skapa betre barnehage- og skulemiljø.

Nils Kvamsdal

Det er Kunnskapsdepartementet som etablerer denne nasjonale ordninga, som skal gjelda alle born og elevar i barnehagar og grunnskular over heile landet.

I tillegg til å støtta born, elevar og foreldre i arbeidet med vern mot mobbing og for å skapa eit betre barnehage- og skulemiljø, skal omboda også samarbeida med dei eksisterande elev- og lærlingeomboda som finst i den vidaregåande opplæringa.

Mobbeomboda skal stå heilt fritt og arbeida uavhengig i forhold til skuleeigar.

Frivillig ordning

I utgangspunktet er dette ei frivillig ordning, men alle fylka har meldt inn at dei ynskjer å vera med.

Ordninga vert finansiert som eit spleiselag mellom staten og fylka, der staten skyt inn 250.000 kroner det fyrste hausthalvåret og 500.000 frå neste år. Mobbeombodsordninga kom på plass i budsjettforliket for 2018 mellom regjeringa og KrF.

Parallelt med innføringa av mobbeombod, vil det også verta sett i gang ei fylgjeevaluering. Målet med denne er å koma med innspel til korleis ombodsordninga bør vera i dei nye regionane frå 2020. Meininga er at dette skal verta ei varig og lett tilgjengeleg ordning for alle born og foreldre.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.