annonse

Modalen vil vera med i felles barnevernsvakt

VIL HA SAMARBEID
VIL HA SAMARBEID: Rådmann Jo Tømmerbakke jobbar for at Modalen skal bli del av den felles barnevernsvakta i fylket. (Foto: Illustrasjon)

– Det er både fornuftig og naudsynt for Modalen å verta med i den felles barnevernsvakta i fylket, som er under utgreiing.

  • Jan Egil Dyvik

Det meinte rådmann Jo Tømmerbakke på formannskapsmøtet tysdag. Eit utgreiingsarbeid for ei slik felles teneste er i gang; Bergen vert base for ordninga, og Askøy er vertskommune, forklara Tømmerbakke.

– Det vert arbeidd med fleire alternativ, men uansett vil ikkje dette koma til å kosta oss meir enn frå rundt 12-14.000 kr i året, når tenesta kjem på plass, etter planen frå komande årsskifte, meinte rådmannen.

Det vil verta tre avdelingskontor; på Voss, i Odda og på Stord.

Tanken er at denne vakta skal nå heile fylket innanfor ein halvannan time. I mange tilfelle er det politiet som kjem fyrst fram når det vert rykt ut til slike saker, forklara Tømmerbakke.

– Sjølv om me ikkje er så mange her inne, så veit me aldri når ting kan skje her også. Å vera med i ei slik felles barnevernsvakt handlar på mange vis å gje borna dei same rettane som vaksne har, konstaterte Tømmerbakke.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.