2000 til LAN-party

Publisert 30.01.2017 kl. 15.51.

Kommunen vurderer LAN-party som eit godt tiltak når det gjeld å sikra ungdom sosiale møtestader med utgangspunkt i deira eigne interesseområde. Difor løyver Modalen kommune 2000 kroner i tilskot til LAN-party i samfunnshuset på Mo. Det går fram av eit brev frå kultursjef Ove Sæbø til Tormod S. Våge. LAN er forkorting for local area network, og betyr lokalnettet innad på eit datatreff for ungdom.