Eldre treng brøytehjelp

Publisert 20.10.2016 kl. 11.25.

Pensjonistlaget i Modalen har høyrt at kommunen vil ta bort ordninga med snøbrøyting for eldre som av medisinske grunnar ikkje greier å utføra denne jobben sjølve. Styret i pensjonistlaget påpeikar i brev til Modalen kommune at god brøyting og strøing gjev tryggleik og legg til rette for meir trim og mosjon­. Det er også viktig med tanke på beredskap. Styret­ i pensjonistlaget ber difor at ordninga med kommunal brøyting for dei som har medisinsk grunnlag for det, vert vidareført som før, med eigenbetaling for brukarane.