ÅRETS RADIOTALENT: Elise Askeland Farestveit gjev oss riksnyhenda på modalsdialekt. Foto: Karine Heggholmen

Elise Årets radiotalent

Seks år gammal laga Elise­ Askeland Farestveit­ nyhende på jenterommet heime i Modalen. No er ho Årets radiotalent i Noreg.

Publisert 28.09.2015 kl. 21.29. Oppdatert kl. 21.34.

- Hei, og velkommen til nyhetene. En buss med omtrent fjorten passasjerer har fått motorstopp på E16 mot Stavanger.


Fulgte draumen

Slik høyrdest det ut då seks år gamle Elise Askeland Farestveit var reporter heime på jenterommet på Farestveit i Modalen. Alle­reie som lita jente hadde ho nemleg ein draum om å verta journalist. No er Elise 23 år, arbeider som nyheitsanker og reporter i Radio Norge, og er nyss vorte heidra som Årets radio­talent under Radiodagene i Oslo. Dette er den norske radiobransjen sine fagprisar, og Elise var nominert saman med unge radiostemmer frå heile landet.

- Det var veldig stort, eg var i sjokktilstand då eg vart kalla opp på scenen. No har eg byrja å landa, seier ho.


Stor heider

- Allsidig, kunnskapsrik og full av evne til å løysa krevjande oppgåver, skriv juryen i si grunngjeving for kvifor Elise vart kåra til årets radiotalent.

- Eg trivst veldig godt i jobben. Det skjer alltid noko nytt, og me i Radio Norge har heile landet, og heile verda, eigentleg, å henta nyhende frå. Radio Norge dekkjer hovudsakeleg store hendingar, og nasjonale nyhende.

Lokalkunnskapen kom likevel godt med då bygda Gullbrå i Eksingedalen vart isolert etter snøras i vinter.

- Då laga me innslag der eg fann fram til alle eg kjende i bygda. Men vanlegvis består mykje av jobben i å få tak i politikarar på riksnivå.


Dialekt

Elise får òg ros for å bruka dialekt og nynorsk.

- Eg normerer litt mot skriftleg nynorsk, men brukar dialekta mi på radioen.

Ho tenkjer seg om, og kan ikkje koma på andre som nyttar nynorsk i Radio Norge.

- Det er viktig for meg å bruka mitt eige språk. Elles vert det kunstig.

- Du snakkar meir bokmål på kassettane med nyhendeinnslag som du laga i barndommen?

- Jau, hehe, det er nok fordi eg høyrde mest bokmål på nyhende­-sendingane då. No er det slutt på det!


Truga rase

Journalistar i Noreg vert stadig færre, og det har vorte vanskelegare å få seg jobb. Medan aviser og medium kuttar, går stadig fleire journalistar og journalistutdanna over til informasjonsbransjen.

- Kva tenkjer du om at det vert stadig færre journalistar?

- Då eg byrja på høgskulen, vart me fortalt rett ut at me valde ein vanskeleg veg. Mange av mine studiekameratar har ikkje jobb som journalistar i dag. Eg tykkjer det er veldig dumt at det har vorte slik. Stadig fleire vel å arbeida i informasjonsbransjen. Men journalistar skal jo vera vaktbikkjer i samfunnet som stiller­ dei kritiske spørsmåla.

Sjølv har ho ingen planar om å skifta beite.

- Eg trivst som journalist, og er nøgd med jobben eg har som allsidig nyhendereporter og opplesar.


Glad i heimbygda

Etter eit år i Oslo er ho glad for å vera i redaksjonen i Bergen. For då er det kortare veg heim.

- Eg er veldig glad i Modalen, og eg freistar å koma heim så ofte eg kan.

Og som modøler flest, tykkjer ho at kommunen er god nok som han er.

- Eg tykkjer ikkje Modalen skal slå seg saman med nokon. Med kommunesentrum på Dale eller i Nordhordland vert me berre ein liten utkant.