Flaumfare for bustadhus

Publisert 16.09.2015 kl. 12.33.

NVE har funne ut at det er fare for flaumskade på eit nyleg oppført bustadhus. Det er Nåmdalselva som kan fløyma over, og NVE rår til at det vet gjort førebyggjande tiltak. NVE vil truleg ikkje gje tilskot til utbetringa, men det er ikkje endeleg avklara. Rådmann Øivind Olsnes går likevel inn for at dei naudsynte tiltaka vert gjennomførde av kommunen så snart råd er. Han vil koma tilbake til kommunestyret med ei sak om korleis dette kan finansierast, heiter det i eit vedtak frå formannskapet tysdag.