Folkemøte i Modalen

Publisert 09.04.2016 kl. 15.02.

Skal Modalen slå seg saman med andre eller halda fram som eigen kommune? Det blir temaet på folkemøtet i Mo samfunnshus tysdag 12. april. Då får folk høve til å setja seg inn i og å diskutera dei to alternativa som er aktuelle for Modalen: Å halda fram som eigen kommune eller å gå inn i ny, stor Nordhordland kommune. I folkemøtet tysdag blir intensjonsavtalen med dei andre nordhordlandskommunane presentert, og ein går gjennom kva utfordringar, økonomi og oppgåver Modalen vil ha åleine. Kommunen ynskjer også å få vita meir om kva ungdomen tenkjer om framtida for Modalen. Rådgjevande folkerøysting er fastsett til 23. mai.