RAS: Vegen rasa ut i Modalselva. FOTO: Signy Vikane

Fylkesvegen stengt heile neste veke

Onsdag rasa fylkesvegen på Mo ut i Modalselva. Vegen vert stengt ut heile neste veke, opplyser Statens vegvesen.

Publisert 02.09.2016 kl. 15.28.

Etter at nesten 30 meter av fylkesveg 569 rasa ut mellom brua ved Mo skule og Otterstadbrua, vart vegen stengd fullstendig av. Torsdag var Bente Bergstø, byggjeleiar i Statens vegvesen, på synfaring ved rasstaden. Fredag kom geoteknikar for å gjera grunnboringar før vegen skal vølast.

- Me skal byggja opp vegen igjen og då er det viktig å fundamentera riktig. Det er ein del leira i området, så me må ta prøvar for å finna fjell, forklarar Bergstø.


Fleire alternativ

Samstundes håpar dei å finna ut kva som var årsaka til utrasinga. Alternativa for gjenoppbygging av fylkesvegen er fleire.

- Dersom me finn fjell er det greitt å mura vegen opp att, og det vil gå relativt raskt. Me har elles ein god del andre alternativ som tek litt meir tid, som til dømes å spunta eller leggja om vegen på innsida i terrenget, fortel byggjeleiaren.


Stengd ut veka

Bergstø kan fortelja at vegen i alle fall vert stengd ut heile neste veke.

- Me får resultata frå grunnboringa i starten av neste veka, så det tek litt tid før me veit korleis situasjonen skal angripast. Vidare ser eg ikkje for meg at sjølve arbeidet kjem i gong før til slutten av neste veke, seier ho.


Omkøyring

Vegtrafikksentralen fekk melding om utrasinga klokka 17.15 onsdag ettermiddag, og kort tid seinare var entreprenør på plass for å sikra vegen. Omkøyringsalternativ for mindre bilar på Mo-sida av elva er over Otterstadbrua og inn på fylkesvegen att

Køyretøy over 3,5 tonn kan ikkje bruka dei små bruene og må finna annan omkøyring dersom dei skal i retning Nordhordland. Vegvesenet har skilta om stenginga på Romarheim, Dalseid og Evanger.