BERGKUNST: Hellerissingar i Mostraumen er vanskelege å få auga på. Med ein planlagt interaktiv formidlings-app skal kunsten verta meir tilgjengeleg. Foto: Hordaland fylkeskommune. Foto: Fylkeskonservatoren, Hordaland fylkeskommune

Gamal bergkunst kom fram i dagen

Ved Mostraumen for 3000 år sidan, var det menneske som rissa inn teikningar av båtar i berget. Ein ny app skal gjera bergkunsten meir synleg for folk i dag.

Publisert 30.11.2016 kl. 14.02.

- Dette er eit viktig kulturhistorisk minne å ta vare på, meiner Ove Sæbø, kultur- og utviklingssjef i Modalen kommune.

Kulturminnet er eitt av dei tydelegaste spora som seier at det har vore folk i Modalen i svært lang tid.

BÅTAR: Bergkunsten førestiller båtar med mannskap. Under kalkeringa i 2000 vart det registrert til saman ni figurar på det om lag 2 kvadratmeter store feltet.

Bergkunst på app

Fylkeskonservatoren ber kommunen leggja tilrette for at bergkunsten ved Mostraumen kan bli tilgjengeleg for innbyggjarar og besøkjande, både med skilt og nettside. Sjølv vil fylkeskommunen finansiera og stå for utviklinga av ei digital løysing. Viss skiltet ved bergkunsten har ein QR-kode som ein kan skanna med mobil, vil bergkunsten koma tydeleg fram på mobil/nettbrett. Dette er viktig fordi hellerissingane er svake og vanskelege å få auge på, høgt oppe i bergveggen.

- Det planlagte prosjektet med ein interaktiv formidlings-app vil gjera dei meir tilgjengelege, uansett ljosforhold, opplyser arkeolog Tore Slinning hjå Fylkeskonservatoren.

SKJULT KUNST: Fleire skip er hogde inn tre meter oppe på den glatte bergveggen, truleg i yngre bronsealder eller tidleg sein jernalder, då strandlinja gjekk høgare enn i dag. Foto: Fylkeskonservatoren, Hordaland fylkeskommune

Båt med mannskap

Kultur- og utviklingssjef Ove Sæbø seier at kommunen er i positiv dialog med grunneigaren på staden, for å finna gode løysingar for korleis bergkunsten kan gjerast meir tilgjengeleg.

Det er registrert til saman ni figurar på feltet, som er om lag 2 kvadratmeter stort. Den største figuren viser ein båt med elleve «mannskapsstrekar». Den er 78 cm lang.

Dei fleste andre figurane er også tydelege båtar, med fire-fem-seks og sju strekar som viser mannskap ombord. Eit par figurar er ubestemte.

Truleg er hellerissingane 2700-3000 år gamle, laga på slutten av yngre bronsealder eller i eldre jernalder.


Skin frå bålet

Knut Andreas Bergsvik som har skrive avhandling om bergkunsten i Mostraumen, trudde han var den fyrste til å oppdaga desse i 1996. Men då han kontakta Bergen Museum, viste det seg at hellesrissingane var oppdaga berre to år før. I 1994 var skuleelevane Endre Helle, Tor Arne Helle og Vinjar Solberg frå Lonevåg på båttur. Dei slo opp telt på Seljaneset, og i skinet frå leirbålet såg dei figurane i bergveggen.

- Båtane vart altså funne på den måten bergkunst helst skal sjåast: I skrålys om natta, skriv Bergsvik.