BALANSE I ELVA: Kalkdoseringsanlegget skal sikra Modalselva rette surleiksgraden. FOTO: Sveinung Klyve

Kalkdoserar i Modalselva

På botnen i Modalselva ligg det ein maskin som sender ut kalk for å halda rette vasskvali­teten nedover i vassdraget, slik at fisk kan leva der.

Publisert 28.05.2016 kl. 10.15.

Sidan 12. april har eit anlegg for dosering av kalk vore i funksjon i Modalselva. Grunnen til å kalka eit vassdrag er at kalken hevar ph-verdien i vatnet, og motverkar forsuringsproblemet. Det gjer i sin tur til at fisken kan leva betre i elva.

10. mai 2016 vart kalkingsanlegget i Modalen offisielt opna. Anlegget har kosta fem millionar kroner, og er finansiert av statsmidlar frå Miljødirektoratet.

Det skal kalkast frå desember til juni kvart år for å betra kvaliteten på vatnet i Modalselva slik at laks og sjøaure klarer å reprodusera seg.