Kan endra eigedomsskatten

Publisert 16.09.2015 kl. 12.35.

Regelverket kring eigedomsskatt på verk og bruk har ei lang historie. Førespegla inntekter av eigedomsskatt frå staten, har vore viktig for den lokale, positive haldninga til store kraftprosjekt og kraftliner. Sjølv om det i høyringsnotatet frå regjeringa om endringar i lova, er gjort unnatak for for kraftanlegg, så vil endringane råka kommunar med kraftleidningar og kraftanlegg. - Modalen ser på framlegget som eit brot på den samfunnskontrakta som er inngått mellom staten og kommunar som har stilt sine naturressursar til rådvelde for storsamfunnet, heiter det i eit vedtak i formannskapet tysdag. Eit vedtak som vart gjort samrøystes.