Krasja i tunnelen

Publisert 07.05.2016 kl. 10.46. Oppdatert kl. 09.55.

Naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke i Modalstunnelen fredag kveld.

- Det var ein bil i låg fart som hadde køyrt i tunellveggen av ein eller annan grunn. Det vart ingen skadde, og airbagane vart heller ikkje løyste ut, opplyser Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ulukka i Modalen vart meld på Twitter rett før klokka 22.00. Bilen måtte hentast av bergingsbil då det vart ein del materielle skadar på han. Det skal ha vore to ungdommar i bilen, der den eine var fødd i 1998. Det skal ikkje vera mistanke om ruskøyring av noko slag.