SOVNA: Ein mann køyrde med båt på ei grunna i Modalen sundag morgon. Politiet fann han sovande i båten. ARKIVFOTO: Sjur Herre

Køyrde på grunn og sovna

Mannen køyrde på ei grunna inne i Modalen. Då politiet var på veg la han seg til å sova.

Publisert 13.06.2016 kl. 11.31.

Sundag morgon køyrde ein mann på rundt 40 år seg fast med båt inni Modalen. Han hadde truleg promille. Politiet fekk telefon frå ein meldar klokka 09.32.


Forsøkte å stikka

Meldaren observerte mannen, som hadde gått på ei grunna rett før Mo sentrum. Båtføraren skal ha hoppa i sjøen, kor det berre var kring ein halvmeter djupt.

- Han gjekk rundt båten og for meldaren såg det ut som at han forsøkte å få rikka båten av sandbanken. Meldar fortalde også at det ikkje gjekk an å nå båtføraren frå land, men at det måtte båt til, seier Svein Arne Hatlevik hjå Nordhordland lensmannskontor.


Søv i båten

Då politiet kom til staden klokka 10.22 fekk dei skyss ut til havaristen.

- Då ligg han og søv i båten. Mannen vart gripen og framstilt for legevakt samt blodprøvetaking i Knarvik, opplyser Hatlevik.

Det er oppretta sak på hendinga og mannen skal etter kvart avhøyrast. Politiet mistenkjer promille.

- Me må etterforska om det var båtførar som eigde båten, eller om det var ein annan som disponerte den. Etter kvart vert det avhøyr av mistenkte, så får me sjå kva reaksjonen blir, seier Hatlevik.