Lagar omkøyringsveg

Publisert 21.09.2016 kl. 10.39. Oppdatert kl. 14.45.

Nesten 30 meter av fylkesvegen i Modalen rasa ut onsdag 31. august, mellom brua ved Mo skule og Otterstadbrua. Det har vore litt stillstand på staden, men i desse dagar vert det gjennomført anbodskonkurranse når det gjeld kven som skal gjera oppbyggingsarbeidet. - Dette er ein hastesak og me har behov for å opna vegen så fort som mogleg. Det vert avgjort kven som skal ta arbeidet rett over helga, og då vert arbeidet sett i gang umiddelbart, seier Rønnaug Nesheim, prosjektleiar hjå Statens vegvesen. Ho fortel at dei aller fyrst vil laga omkøyringsveg på staden, samstundes som det vil arbeidast med å ordna vegen som rasa ut. - Å fiksa eksisterande veg vil ta litt tid, då det er ein del forhold som tilseier at det ikkje kan gjerast i full fart. Difor vert det laga omkøyringsveg. Den vil forhåpentlegvis vera på plass anten like før helga neste veke, eller rett over helga, fortel Nesheim.