LUFTIG: Til folkerøystinga i mai kan ein truleg velja mellom Modalen som eigen kommune og Modalen som del av ein stor, ny Nordhordlandskommune.

Modalen frå mini til maxi-kommune

Modalen kan bli del av ein storkommune som samlar heile Nordhordland. Alternativet er å halda fram åleine, som minstemann i klassen.

Publisert 27.02.2016 kl. 12.04.

Folket inst i Osterfjorden bur i dag i ein kommune med 380 innbyggjarar. Går dei saman med resten av Nordhordland, vert den vanlege modaling del av ein kommune som i folketal er hundre gonger større. Til saman har Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Modalen, Masfjorden og sognekommunen Gulen over 36.000 innbyggjarar.


Anten - eller

I eit ekstraordinært kommunestyremøte i Modalen tysdag, fekk ordføraren klarsignal til å gå vidare i forhandlingane. Det vert jobba med ein intensjonsavtale mellom i alt åtte kommunar.

- Føremålet er å greia ut kva som går an å få til, kva avtale som er mogeleg å oppnå. Men me har aldri lagt skjul på at Nordhordlands-alternativet blir halde opp mot 0-alternativet, altså å halda fram med eigen kommune som i dag. Dei to alternativa er i utgangspunktet like aktuelle, seier ordførar Tom Kristian Thorsen.

- Kvifor er ikkje samanslåing med Vaksdal eit alternativ?

- Det er eit godt spørsmål. Me har tilhøyrigheit med Eksingedalen og Eidsland, dei er del av vårt lokalsamfunn. Men mot Dale har me lite tilhøyringheit. Det er lett på peika på den dårlege vegen, og at folk i staden orienterer seg mot Nordhordland. Det er den vegen folk reiser når dei skal noko, seier Thorsen.

Han peikar på at Eksingedalen og Eidsland er utkantar i Vaksdal, og at det ikkje vil vera ein leveleg situasjon for Modalen å bli «ein utkant av utkanten».


Særordning

- Me er opptekne av lokalsamfunnet, at Modalen er ein stad, ikkje berre ein kommune. Me har blitt møtt med forståing for våre krav i intensjonsavtalen med dei andre i Nordhordland. Modalen vil få eit lokalutval som skal forvalta millionane frå konsesjonsavgiftene, og ein får behalda grunnskulen.

- Først lyt me få avtalen ferdig, også skal den ut på høyring, og deretter vidareforedlast for han vert lagt fram i ei folkerøysting,.


Folkerøysting

Innbyggjarane har såleis høve til fyrst å koma med innspel til avtalen, og deretter seia ja eller nei til å bli del av ein ny, stor nordhordlandskommune.

Men før folkerøystinga, skal kommunestyret gje si tilråding. Viss dei folkevalde vender tommelen ned, kjem ikkje storkommune-alternativet til folkerøysting. - Er det aktuelt at Modalen får med seg delar av Vaksdal (Eksingedalen og Eidsland) inn i ein ny storkommune?

- Det er ikkje spesifikt nemnt i avtalen, men det har vore diskutert og det kan bli ein realitet, ja, stadfester Thorsen.